JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Nordiske slavar i «tyrkeriet»

Torbjørn Ødegaard leverer nyfunn om ein av dei mest spanande episodane i nordisk historie: då folk frå det høge nord vart trælbundne i Nord-Afrika.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Målarstykke av ein nordafrikansk pirat utført av Pier Francesco Mola (1612–1666) frå Louvre.

Kjelde: Wikimedia Commons

6054
20211224
6054
20211224

Historie

Torbjørn Ødegaard:

Tyrkerranet. Om norske, danske og islandske slaver i Algier og Marokko inntil 1650

Kystforlaget

Dei som går sine eigne vegar i norsk bokheim, vil støyta på ukjende gullkorn. I Tyrkerranet vert soga om nordiske slavar i Nord-Afrika brett ut. På 1600- og 1700-talet vart fleire tusen europeiske sjømenn tekne til fange og selde som slavar til Nord-Afrika, i dei sokalla barbareskstatane: dagens Marokko, Algerie, Tunisia og Libya.

Torbjørn Ødegaard fortel om lagnaden til nordiske slavar i all si breidd og djupn. Eg seier djupn, for boka til Ødegaard inneheld ei mengd nyfunn. Han har gått på oppdagingsferd i norske, danske, nederlandske, franske og spanske arkiv. Det vert di meir imponerande når ein får vita at Ødegaard ikkje er universitetstilsett med forskingsprosjekt støtta av Noregs forskingsråd. Han er ein uavhengig forskar styrd av personleg lidenskap, som tydelegvis òg har gjort offer; han har mått banka på mange dører med bøn om økonomisk stønad.

Ødegaard gjev ut bøkene på eige forlag, Kystforlaget i Fredrikstad. Det har ført til ein del uturvande feil, men det skal ikkje skyggja for kvalitetane ved prosjektet hans.

Tyrkerranet er andre band i ein serie som skal telja fem bøker, der alle sider ved handelen i «kvite» slavar vert fortalde. I 2012 kom fyrste boka, ei nyutgåve av forteljinga til bergensmatrosen Hans Jochum Schram om slaveopphaldet i Tunis 1747–50. Saman med Tyrkerranet gjev Ødegaard òg ut De Fangene i Tyrkiet vedkommende, som inneheld eit rikt kjeldemateriale med tilknyting til den andre boka.

Fleirkulturelle piratar

Som det går fram av undertittelen på det sistnemnde verket, Kilder til løskjøp ..., handla dette ikkje fyrst og fremst om arbeidskraft, men om krav om løysepengar for europearar som sat fanga – som «krigsfangar», som Ødegaard skriv, for mange av barbareskstatane var i krig med europeiske land.

Forfattaren kjem med mange oppklåringar på vegen – til omgrep som «tørne tyrk» og «renegat», attåt diskusjonar av andre verk om slavehandelen, både frå tidlegmoderne periode og frå vår eiga tid. Nemninga tyrkeri kjem av at barbareskstatane låg under den osmanske sultanen, men dei hadde likevel eit visst sjølvstyre.

Eit hovudpoeng hjå Ødegaard er den fleirkulturelle samansetjinga av kaperane: Mange piratar i nordafrikansk teneste var sjølve europearar. Som Ødegaard skriv, kan ein «kort omtale den nordafrikanske kaperkrigen som en flernasjonal europeisk sjømilitær geriljastyrke rettet mot sitt eget Europa».

Den kanskje mest kjende europearen som konverterte til islam, altså «renegaten», er Murad Reis – nederlendaren Jan Janszoon – som stod for det illgjetne «tyrkarranet» på Island i 1627, der 242 menneske vart tekne som slavar. Boka til Ødegaard har namn etter denne hendinga og inneheld nyfunn knytte til episoden. Det fanst òg skandinaviske renegatar, som danske Mamy Reis, og sume av dei vart òg frigjevne. I det høvet er det interessant å lesa tilståinga til den danske renegaten Diego Jacobo då han kom til Spania og vart avhøyrd av den spanske inkvisisjonen i 1631: «Om eg er muslim utanpå, so er eg kristen i hjarta.» Om dei trudde på han, veit me ikkje, men det lukkast han å koma attende til Danmark.

Det er ikkje tvil om at naud og vald kom i kjølvatnet av slavehandelen. Men Ødegaard viser at mykje av det som vart skrive i brev og bokskildringar, var overdrive – skrekkskildringar som hadde til mål å få fart på pengeinnsamling og frikjøp. I og med at nordafrikanarane ville ha gode løysesummar, seier det seg sjølv at mange fór fint åt med europeiske fangar. Men Ødegaard syner òg at det var avhengig av den slaven hamna hjå – det finst òg døme på det omvende.

Ukjende sjømenn

Av kjeldematerialet til Ødegaard går det fram at mange av dei ifangetekne nordmennene kom frå Oslo, Bergen og Trondheim, men òg frå mellom anna Fredrikstad og Langesund. Dette var nok byane dei siglde frå, men nett kvar desse sjømennene hadde heimstamnen sin, vert i dei fleste tilfella liggjande i mørker.

Eg undrast likevel på om ikkje den «Oule Truuerkem» som vart frikjøpt i 1636 etter å ha vore fanga sidan 1623, kan ha vore frå garden Treekra (Treekrem) i Straumsneset på Nordmøre, og at han er identisk med den «Olluff Tromhiem» som er sagd å ha vore «in ellend» i ti–tolv år i eit dokument frå 1634; Nordmøre høyrde den gongen til Trondheim len.

Ein del nyfunn hjå Ødegaard handlar om embetsmenn danskekongen sende ned til barbareskstatane med oppdrag om å kjøpa fri slavar. Me høyrer til dømes om nederlendaren Willem Kieft, som fyrst og fremst er kjend som guvernør av kolonien Ny-Nederland med byen Ny Amsterdam, dagens New York. Men Ødegaard bretter ut ei heil soge om han som vellukka frikjøpar i dansk-norsk teneste. Dette har ikkje vore kjent før.

Ødegaard skriv med ein lettfør og levande penn, sumtid litt høgtidleg, men òg med humoristisk snert, som når han kallar seg «slavenes krønikeskriver». Men Ødegaard er ikkje heilt oppdatert når han funderer over kvifor historia om dei «kvite slavane» er vorten tagd i hel. Soga om sjømannsslavane har drukna «i vinnernes historier, om handlekraftige vikinger, om vellykkede redere», og så bortetter, hevdar han. Det lyder som ein historikar frå 1970-åra.

Me har distansert oss frå «vinnernes historier» for lenge sidan. Spørsmålet er derimot om soger om afrikanske overmenn og europeiske slavar høver inn i den slavehistoria som i dag vert skriven fram. Det er òg ei kjensgjerning at den tidlegmoderne perioden har hamna mellom to stolar i norsk historieskriving, mellom mellomalderen og 1800-talet, og det gjer at det no er folk utanfor akademia som leitar fram nye kjelder til denne perioden.

Klaus Johan Myrvoll

Klaus Johan Myrvoll er professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ødegaard skriv med ein lettfør og levande penn, sumtid litt høgtidleg, men òg med humoristisk snert.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis