Bok
Nok eit angrep på sekulariseringa
Om korleis vestleg sivilisasjon berre kan reddast av at trua vert fornuftig og fornufta kristen.
Samuel Gregg er forskingsleiar i den amerikanske tenketanken The Acton Institute.
Foto: Acton.org
Ikkje mange i Noreg har høyrt om The Acton Institute, men det er altså ein amerikansk tenketank, med filial i Roma, som skal fremja liberalistisk marknadsøkonomi kopla til jødisk-kristen moral. Han vart stifta i 1990 av ein katolsk pater, og er mykje av eit talerøyr for konservativ katolsk ideologi – den som den førre paven, Benedikt, men ikkje den noverande paven, står for.
Ein skulle då ikkje tru at det derifrå kunne koma noko av interesse for norske halvprotestantiske sosialdemokratar, som vi alle er. Men no har forskingsleiaren på dette instituttet, Samuel Gregg, med ein doktorgrad i moralfilosofi og politisk økonomi frå Oxford, nettopp gjeve ut ei bok om tilhøvet mellom tru og fornuft, og kva rolle dette tilhøvet spelar innanfor vestleg sivilisasjon. Det er ikkje til å koma frå at dette er eit tema som i tillegg til å vera idéhistorisk interessant, også er aktuelt for motstanden mot den pågåande utviklinga i Noreg i retning av eit aukande skilje mellom religion og eit sekulært demokrati. Her kan katolikkar og protestantar sameinast, sjølv om dei innbyrdes ikkje nettopp velsignar kvarandre.
To hovudtesar
I boka har Gregg to hovudtesar. Den første er ein tese om nasjonalistisk kulturidentitet som òg norske verdikonservative kunne omfamna: Frå opplysingstida har vi fått ei stor forteljing om at vi i Europa etter religionskrigane på 1600-talet omsider la bak oss undertrykkinga religionane hadde påført oss, til fordel for ei frigjering av rasjonalitet, både i politikk og i vitskap. Men for Gregg er dette ei falsk forteljing: Ho overser at menneske treng ein «tjukkare» identitet enn kva rasjonalitet aleine kan gje.
Så Gregg innfører eller opphøgjer omgrepet «Vesten», som ikkje berre inneheld slike sekulære verdiar som demokrati, maktfordeling, fri marknad og så bortetter, men dessutan ein jødisk-kristen religiøs tradisjon. Japanarar og sørkoreanarar blir difor stengde ute frå eit slikt «Vesten», sjølv om dei er allierte med oss. Om vi i Vesten kastar ut den jødisk-kristne tradisjonen, vert vi identitets- og rotlause.
Den andre tesen heng saman med den første: at det ikkje er eit utvendig tilhøve mellom trua i den jødisk-kristne tradisjonen og den rasjonaliteten som utfaldar seg i «Vesten». Tvert imot ber jødisk-kristen religion på sin eigen rasjonalitet. Og han er like mykje opphavet til moderne sekulær rasjonalitet som gresk filosofi, ifølgje opplysingstida, er det.? Gregg legg vekt på at dei jødisk-kristne forteljingane, i motsetnad til (greske) myter, gjeng føre seg i ei verkeleg historisk verd. Han legg òg mykje inn i at Johannes seier at i byrjinga var «logos», då forstått som rasjonalitet. Seinare viser han mykje til Thomas Aquinas, som laga eit system der tru stod over fornuft, men der dei òg hadde eit samanfallande område kor fornuft kunne gje prov på Guds eksistens. Til slutt investerer han mykje i å visa at ei fornuft som riv seg laus frå eit slikt system, vert «korrumpert», særleg i form av «scientisme», altså trua på at naturvitskap er det einaste som gjev objektiv kunnskap. Men òg i form av rasjonalistisk politisk framstegsdogmatikk, som ein finn hos jakobinarar, marxistar, positivistar og utilitaristar. Samstundes legg Gregg vekt på å visa at det ikkje er sant at katolikkar har vore avvisande mot ny vitskap.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.