Naturvitskapens poetiske forråd
Geir Halnes skriv innsiktsfulle dikt som er tilgjengelege og inviterande.
Årets diktsamling er den tredje frå Geir Halnes sidan debuten i 2007.
Foto: Baard Henriksen
Dikt
Geir Halnes:
La
Oktober
Det finst ein eksperimentell impuls i diktboka La av Geir Halnes. Særleg gjeld det oppmodinga om å sjå verda under visse vilkår, slik ein gjer når ein lagar hypotesar. Hjelpeverbet la, som tittelen peikar på, tyder gi løyve til, slik ein i ein hypotese ser for seg at gitte vilkår må vere oppfylte: Viss dette er tilfellet, så vil dette skje.
Eit anna aspekt trekkjer i ei spesiell retning, nemleg det store tilfanget av ord og omgrep frå naturvitskapen. I nesten kvart dikt treffer ein på slike framande ord: «dopaminreseptor D2 i akkumbenskjernen», «gittervibrasjonene», «beta-amyloider», «lipider», «dissipativ struktur». Tradisjonelt sett er nemningane ikkje poetiske, men blir det i desse dikta: «søvnen renser ut beta-amyloider/ og jeg sover godt/ i en boks jeg ikke kan tenke utenfor».
Poetisk energi
I dikta er konfrontasjonen, parallelliteten, kontrasten og utvekslinga mellom kvardags- og menneskelivet og det tekniske og naturvitskaplege språket openberr: «er jeg tørst drikker jeg/ fra samme trau/ som kyrne og turbinene». Dette grepet utløyser, i dikta til Halnes, også ei særleg potent lading og ein sjeldan poetisk energi. Orda vert til biletressursar og til innsiktsfulle refleksjonar i dikt som er inviterande, opne og tilgjengelege. Framandorda underleggjer, og med sine uvande klangnyansar formidlar dei ein fjern venleik.
Naturvitskapens omgrep vert ofte kalla abstrakte fordi dei viser til ting me ikkje ser med berre auget, men dei skapar førestillingar. Omgrepet celle, til dømes, var det Robert Hooke som innførte i 1665, fordi han studerte kork, og det han såg i mikroskopet, likna romma munkane budde i.
Tenksamt
Trass i forrådet av naturvitskaplege omgrep står dikta fram som tenksame peilingar i eksistensen. Biletleg snedig og språkleg skarpt syner Halnes det menneskelege i det uendelege spinnet av tilsynelatande dehumaniserande terminologiar. Dikta peikar gjerne på at mennesket er større enn seg sjølv, slik språket òg er større enn språkbrukaren.
Men når det lyriske eget kjenner på kor lite det er blant alle systema som forgreinar seg inn i det, freistar det også å forsvare seg: «men for å trøstes av noe så stort, må jeg bli infinitesimal» – altså uendeleg liten, men større enn null. Boka er anbefalt.
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dikta peikar ofte på at mennesket er større enn seg sjølv, slik språket òg er større enn språkbrukaren.
Fleire artiklar
Laila Goody, Maria Ómarsdóttir Austgulen, Trond Espen Seim og John Emil Jørgenrud i nachspielet frå helvete som stykket til Edward Albee blir kalla.
Foto: Erika Hebbert
Sterkt om livsløgn og overleving
Gode skodespelarprestasjonar i intens kamp på liv og død.
Den nye statsministeren i Frankrike, Michel Barnier, blir klappa inn av den utgåande, Gabriel Attal, i ein seremoni på Hôtel Matignon i Paris 5. september.
Foto: Stephane De Sakutin / Reuters / NTB
Ny statsminister med gjeld, utan budsjett
No lyt alt skje raskt i fransk politikk for å avverje nye kriser.
Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl på veg til pressetreffet om motarbeiding av kriminalitet. Også statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum deltok.
Foto: Thomas Fure / NTB
– No ser me effekten av færre politifolk
Det er mykje regjeringa kunne gjort som dei ikkje har gjort. Me er ikkje imponerte, seier Helge André Njåstad (FrP).
Den oppdaterte boka om rettens ironi er ei samling av tekstar frå Rune Slagstad gjennom førti år.
Foto: André Johansen / Pax Forlag
Jussen som styringsverktøy
Rettens ironi, no i fjerde og utvida utgåve, har for lengst blitt ein klassikar i norsk idé- og rettshistorie.
Finn Olstad har doktorgrad i historie og er tidlegare professor ved Seksjon for kultur og samfunn ved Noregs idrettshøgskule.
Foto: Edvard Thorup
Det nye klassesamfunnet
Finn Olstads nye bok er eit lettlese innspel til ei sårt tiltrengd innsikt i skilnaden mellom fakta og ideologi.