Bok

Naturtap og klimasorg

Kristin Bergets dikt er tenksame og opne, ikkje konkluderande.

Kristin Berget har skrive fleire diktsamlingar, og poesien hennar er omsett til ei rekkje språk.
Kristin Berget har skrive fleire diktsamlingar, og poesien hennar er omsett til ei rekkje språk.
Publisert

Kristin Bergets diktbok er ei poetisk undersøking og gjennomtenking av naturtapet eller klimasorga. Her møtest det heilage og det profane, idyllen og katastrofen, ritualet og kvardagen, namnet og kroppen.

Å reflektere over korleis klimasorga ter seg, er ikkje uvesentleg, for korleis ein handterer den sorga, bestemmer forholdet til naturen og korleis ein møter naturøydelegginga.

Namna på utryddingstruga artar hamnar på såkalla raudlister. Når artsnamna er på raudlista, får menneska eit ekstra medvit om dei.

Raudlista fungerer litt som namnet til ein avdød på ei gravstøtte: Namnet gjer at me kan minnast og sørgje over dei. Artane har fått eit slags nytt liv der, rett nok eit utstoppa museumsliv fjernt frå det verkelege livet der den fysiske kroppen til arten forsvinn og rotnar. Berget snakkar i eit dikt om to typar død: «Når kroppen dør», og når namnet forsvinn.

Minne

Problemet med å halde namna i hevd slik er at arten vert forvandla til eit skal, eit minne, mens den verkelege, fysiske naturen vert tømt ut og forsvinn.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement