Bok

Naturleg utval og sprø menneske

Den ekstreme individualismen i Vesten er noko unikt i verdssoga, også hjå dagens menneske. Vi kan takka den romersk-katolske kyrkja for det.

Publisert

Då ein kjenning spurde kva for ei bok eg ville melda, svara eg: «Den nye weird-boka, som sel så godt internasjonalt.» «Kva er ho om?» «Om du sit på med ein kompis, og kompisen køyrer for fort og skadar ein person, kva svarar du om advokaten hans før rettssaka ringjer og spør deg om å vitna falskt?» «Det seier eg sjølvsagt nei til.» Stort sett alle protestantar seier nei til å vitna falskt. Men ein sørkoreanar stiller opp for venen sin nesten alltid.

Omgrepet weird står i denne samanhengen for western, educated, industrialised, rich and democratic. Denne kombinasjonen er uvanleg i verda, ja, sprø. Psykologar og etter kvart økonomar har prøvt å undersøkja korleis vi tenkjer i det nye faget åtferdsøkonomi.

Såkalla psykologiske spel har vorte populære rundt omkring på ulike campusar. Du sit bak ein skjerm, og du får lovnad om 100 dollar, men dei må du dela med ein annan person som sit på den andre sida av skjermen. Problemet er berre at de båe må vera samde i fordelinga, elles ryk alle pengane. Gjev du han eit skambod, veit du at han truleg seier nei. Er du som meg, tilbyr du han 50 dollar. Det gjer folk med weird-hjernar, i snitt tilbyr dei knapt 50 dollar. Dei veit at den andre heller går vekk enn å taka mot ein liten sum. I Amazonas tek folk imot skambod.

Gratispassasjerar

Lat oss seia at vi utvidar spelet. Seks personar spelar mot kvarandre. Fleire gonger kan de spela mot kvarandre. Dei pengane du legg i potten, vert dobla, og så vert alle pengane delte på alle seks deltakarane. I Vesten gjev vi mykje, og den som ikkje gjev mykje, gratispassasjeren, vert stort sett straffa av dei andre. Han aksepterer straffa og sluttar å vera usolidarisk. I den arabiske verda gjev dei lite, og det endar med krangel og ufred om gratispassasjerar vert straffa.

Vi som har weird-hjernar, ser på oss sjølve som individuelle, vi liker formelle reglar og føyer oss etter dei. Dessutan tenkjer vi på eit vis som vi definerer som rasjonelt. Vi er dårlege vener, vi ser på oss sjølve som autonome, men vi har likevel høg tillit til andre. Vi er tolmodig, er viljuge til å utsetja glede og prøver å tenkja uavhengig av kva andre meiner. Andre er ikkje slik. Dei ser på seg sjølve som ein del av ei gruppe: slekta eller klanen som styrer på basis av tradisjon.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement