Bok

Når konkurransen vert borte

Amerikansk kapitalisme fungerer ikkje lenger. USA er ein nasjon i forfall.

Publisert

Økonomar flest liker fri konkurranse, du finn få økonomar som ikkje meiner at Adam Smith hadde rett i det meste. Men økonomar liker ikkje kapitalistar, det gjorde heller ikkje Smith. Kapitalistar prøver alltid, ja, alltid, å rotta seg saman for å danna kartell og hindra nye aktørar å koma inn i marknaden. Maktar kapitalistane å samarbeida, vert varer og tenester dyrare, investeringane færre og løningane lægre enn dei elles ville ha vore. Mange på venstresida seier det er merkeleg at liberalistar roper etter ein sterk stat, for, meiner dei, frie marknader handlar om at staten skal halda seg unna. Dei som seier slikt, har korkje forstått Adam Smith eller fagøkonomi. Smith ynskte og økonomar ynskjer ein sterk, men rettferdig stat. Dei ynskjer ein stat som hindrar at kapitalistane får konspirera mot fellesskapen. Dei ynskjer ein stat som legg til rette for fri konkurranse.

Thomas Philippon er fransk og kom til USA for å taka doktorgraden i økonomi i slutten av 1990-åra. USA var noko heilt anna enn Frankrike. Internett var mykje raskare og mykje billigare enn heime, mobiltelefoni kosta lite, og Philippon kunne for fyrste gong i livet nærast fly fritt omkring. Flybillettar var tett på gratis. Varer, mat og PC-ar, ja, alt mogleg rart var mykje billigare enn heime i Europa. Den unge Thomas fekk over natta ein mykje høgre levestandard.

No motsett

No er det meste snudd på hovudet. Internett i USA er dyrt og tregt, datapakkane og samtalane over mobiltelefon er alt anna enn billige, og å fly kostar ein liten formue. Varer og tenester er no jamt over mykje billigare i EU enn i USA. Det verste området er kanskje banksektoren. For som alle som har vore i USA dei siste åra, har oppdaga: Innan bank er USA eit u-land. Folk betaler framleis med sjekk, og det å overføra pengar kostar ein god del av summen.

Men éin ting har vore mykje meir lønsamt i USA enn i EU dei siste tjue åra: aksjar. Vi bør alle kjenna på frustrasjonen over det Finansdepartementet har gjort, dei krev nemleg at Oljefondet kjøper langt fleire aksjar i Europa enn i USA. Det har vore eit svært dyrt mistak, for aksjar har stige mykje meir i USA enn i EU. Finansdepartementet har enkelt og greitt ikkje forstått noko grunnleggjande: at amerikanske verksemder tener mykje meir enn europeiske, og det gjer dei av di EUs indre marknad fungerer mykje betre enn den amerikanske marknaden.

EU gjer det betre

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement