Når dikt er alt du er
Ei viktig iransk lyrisk røyst er gjendikta til norsk.
Fatemeh Ekhtesari er poet, redaktør, kunstnar, menneskerettsaktivist og jordmor frå Teheran, no busett på Lillehammer.
Foto: Hanne-Kjersti S Iversen
DIKT
Fatemeh Ekhtesari:
Vi overlever ikke
Gjendikta frå persisk av Nina Zandjani
Transfer Forlag
Fatemeh Ekhtesari er ein iransk poet, fødd i 1986, som kom til Lillehammer som fribyforfattar i 2017. No er det fyrste diktutvalet hennar kome på norsk, tretti dikt gjendikta av Nina Zandjani.
Ekhtesari har gjeve ut fleire bøker i heimlandet, arbeidd som tidsskriftredaktør og skrive om stillinga til kvinner, om politiske fangar og om abort. Ho er òg svært aktiv på sosiale medium og har aktivt brote med konvensjonane til det religiøse regimet. Ho har vore utsett for tortur og overgrep frå styresmaktene.
Pessimisme
Diktutvalet, Vi overlever ikke, er prega av pessimistisk desperasjon og akselererande klaustrofobi. Overalt finst ein snikande politisk-religiøst motivert vald: «med setninger skapt av blod/ er vi neveslag og steiner som hagler». Her er ein ikkje berre innesperra fysisk, men kroppen vert til åstaden der makta materialiserer seg, i den grad at eigen kropp vert tenar og utøvar av makta: «Noen skapte undertrykkelse og muligheter for deg, og fengselsstenger av ribbeina dine.» Når eksistensforma til kvinna består av å finnast eller ikkje finnast, er det å døy eit godt alternativ, i det minste vert ein tilkjend ei menneskeleg vereform.
Ekhtesari dyrkar den såkalla postmoderne ghazalen – ei gamal arabisk diktform med bestemte reglar for rim og metrum som også fekk ein persisk variant, høgt skatta den dag i dag. Ghazalen handlar om kjærleik og åtskiljing og er alltid kopla til det religiøse. Desse motiva får ei særleg handsaming i Ekhtesaris lyriske prosjekt, kopla som dei er til ein hard og ufri røyndom og til seksualitet, samstundes som dikta er reinska for, eller står i open opposisjon til, den religiøse dimensjonen.
Resignasjon
Dikta markerer at ein er komen til ei grense: «Det er ikke mer å si, bare dikt.» Språkleg ligg det noko anna håpefullt i dikta, ein leikande og biletskapande omgang med orda, som arbeider mot den fulltonande resignasjonen som tilsynelatande gjennomsyrer dikttekstane.
Fleire av originaldikta har enderim, men Nina Zandjani har vore meir oppteken av å få fram kvalitetane i den poetiske røysta, noko som er ei god prioritering. Dei originale dikta er trykte på venstre side, i kvit skrift mot svart botn, medan den norske gjendiktinga trer fram som ei spegelvending på høgre side, med svart skrift mot kvit botn. Visuelt syner dette spranget frå det eine språket til det andre.
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ekhtesari dyrkar den såkalla postmoderne ghazalen, ei gamal arabisk diktform.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
«Rørslene me skildrar som vipping, er gjerne større og kjem mindre tett enn dei me omtalar som vibrering.»
Foto: Agnete Brun
Med den monumentale boka Sjøfareren Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.
Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.
Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB
Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.
Kongsbonden Johan Jógvanson bur i den Instagram-venlege bygda Saksun. Men sjølv om han skjeller ut turistar, er det ikkje dei han er forbanna på. Det er politikarane inne i Tórshavn.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Turistinvasjonen har gjort Johan Jógvanson til den sintaste bonden på Færøyane.
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB
Kapitulasjon i klimapolitikken
Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.