JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Når det tener til noko

Maria Alnæs set romanlandskapet sitt langt vekk frå oss. Då kjem det velsigna nært.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Maria Alnæs debuterer som forfattar med denne romanen.

Foto: Paal Audestad

3597
20210423
3597
20210423

Roman

Maria Alnæs:

Tjeneren

Tiden

I ei tid der mange vil seie at vi vassar i røyndomslitteratur, kjem det ein debutant med eit frigjerande brot med denne tradisjonen. I Maria Alnæs’ Tjeneren møter vi Krystof, som arbeider som tenar ved hoffet i den fiktive byen Kombrava. Kombravane ligg i krig, i alle fall i ufred, med hinguesarane, og situasjonen er spent.

Kombrava er i ferd med å utvikle seg til ein autoritær politistat, der «å snakke rett ut var uansett noe folk uansett hadde blitt forsiktige med». Her gjeld det å operere i skjul med alt som ikkje er godkjent av statsminister Stolpin (ein djevel på alle måtar). Og er det nokon som må ligge lågare enn andre, er det jo dei kongelege, som vi veit.

I den første scena er det duka for ein fest på slottet, der alle prominente personar og deira respektive møtest. Her får vi òg presentert Krystof, som har kledd seg opp og flidd seg etter alle tenarreglar, og som fører seg som ein tenar skal: underdanig, usynleg.

Omfattande kunnskap

Pressa kan som kjent òg vere ei undertrykkande makt, og prinsesse Florentina får merke dette når ei avis skriv, etter festen, at ho nok har fått litt rundare former sidan sist. Etter dette mister Florentina trua på seg sjølv, saman med framtidshåpet. Av same grunn tyr Krystof, som har knytt seg til den tidlegare uskuldige og livsglade ungjenta, til handlingar som fører han langt av garde frå livet som hofftenar: over i krigens gru og på flukt.

Gjennom dette fiktive, men gjenkjennelege romanlandskapet som vedkjem politikk, samfunn og konfliktar, er det særleg to retningar som opptar denne lesaren: Dette at eit ord sagt i vanvare (eller overlagt), kan vere nok til å velte ei verd for eit menneske. Eller snarare to menneske. Og at ein tenar gjerne kan vere innstilt på tenargjerninga si, vere full av butlarære, men at det finst fleire måtar å tene eit samfunn på. Enkelte gongar er det eit enkelt, forsvarslaust menneske ein kan komme til unnsetning. Nokre gongar må ein ofre langt meir enn pengar til uklanderlege klede.

Oppbygginga i romanen er stram, men følgjer òg sin eigen logikk, idet vi på dei første sidene prøver alt vi kan å henge med i alle personane som kjem til slottet, berre for sidan å merke at dei fleste av desse skal vi ikkje møte igjen. Dei tener som bakteppe for dagens Kombrava, for festkulturen, og for å lansere Krystofs omgjevnader. Sidan følgjer vi Krystof, Florentina og eit par andre på livsferda deira, som plutseleg blei så annleis.

Alnæs spenner opp eit nærast nøkternt lerret, med eit litt arkaiskklingande språk, og overlèt til lesaren å kjenne etter kva som står der. Samstundes legg ho for dagen ein omfattande kunnskap om korleis militæret, politi og statsapparat kan fungere under ein autoritær leiarskap. Det kjennest både rørande, treffsikkert og imponerande.

Storslått ramme

Det er ikkje noko smått ved denne romanen. Han er storslått i tematisk utstrekning. Men Alnæs kan òg gå inn i enkeltmenneskets opplevingar, som her, der ho skildrar ei valdtekt: «Underlivet var et skamslått vesen, hjernen et digert flygel i et rep som hang og slo mot en klippe.»

Kombinerer ein bildet av eit flygel som dinglar og slår, og det å leve i eit samfunn der den menneskelege, «musikalske» samkjensla er truga, til dels smadra, hjelper det ikkje lenger å lytte seg inn. Då er vi alle valdtekne, i ei anna tyding.

Ingvild Bræin

Ingvild Bræin er forfattar, nordist og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Oppbygginga i romanen er stram, men følgjer òg sin eigen logikk.

Emneknaggar

Fleire artiklar

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis