Nake liv mellom katastrofe og håp
Kristin Berget leitar etter eit gyldig og ansvarleg språk i poesien sin. Resultatet er vent og overtydande.
Kristin Berget har skrive fleire diktsamlingar, og poesien hennar er omsett til fleire språk.
Foto: Anna Julia Granberg / Blunderbuss
Dikt
Kristin Berget:
Middelalderen. Langdikt
Cappelen Damm
I langdiktet Middelalderen er det som ein oppheld seg før eller etter ein katastrofe, i ein overgangstilstand, der livet er nake og alt må nyorienterast og byggjast opp på nytt. Lesaren møter eit språk som verkar basalt, rudimentært og enkelt, det er som ein er på jeger- og samlarstadiet: «nå serverer jeg det sure brødet på mosen enkel mat/ er alt dette tynne kveldslyset kan bære/ det muligens djupt menneskelige i dette».
Sjølv om skildringa av omgivnadene er sparsame med tidsmarkørar, og den vesle familien i andre del av diktet har brote opp og forlate huset med døra open, oppheld me oss definitivt i ei attkjenneleg samtid, nær eller fjern. I første del finst samfunn, motorvegar, skule og barnehage, og ein høyrer om kornkrise og krig ein stad i utkantane: «europas kornkamre lukka/ europas gravkamre åpna». Familien er også råka av andre tap, eit dødsfall, ein far, og dette saman med andre tap skjer seg inn og vert ført gjennom langdiktet.
Det er tap og sorg på mange nivå i boka, naturtap, tap av det menneskelege, av ritual, av menneskelege samfunn i balansert utveksling med omgivnadene. Ja, tidleg blir det referert til Nils Holgersson, barnebokklassikaren til Selma Lagerlöf, som blei forminska som straff for dyreplageri. Stjernebiletet Orion blir nemnt og prydar også omslaget. Orion syner biletet av ein jeger. Ifølgje mytane ønskte han å utrydde alle dyra på jorda og blei drepen av ein skorpion.
«Gjennom eit ope, strippa og sanseleg språk skapar Kristin Berget eit samansett poetisk univers.»
Gjennom eit ope, strippa og sanseleg språk, ispedd barneregler, blome- og plantenamn, referansar til ein Kingo-salme og til og med avskrift av fullstendige oppskrifter på rugbrød og vin, skapar Kristin Berget eit samansett poetisk univers som både er skremmande, inviterande, løfterikt og vent. Og som også formidlar håp.
Det er tydeleg at Berget leitar etter eit språk som kan gripe og evnar bere, som held og toler, tar ansvar og er gyldig for det menneskelege i mennesket. Om ein held dette språket opp mot det gjengse maktspråket ein høyrer frå politikarar, teknokratar og krigshissarar, vil ein sjå at sjølve spennet mellom desse språka rommar ein djup kritikk av den sjølvmordariske levemåten til den kapitalistiske samfunnsformasjonen.
Mot den mordariske byteverdien kan ein halde fram kråkesylvet, her i eit bilete som blir til ein slags motsett stjernehimmel i jorda: «muskovitten under mosen glitrer for ingen i mørket/ glitrer for mørket/ bare et uberettiga skinn i luftstrømminga».
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.