Bok
Mørk mor
Det er noko desse dikta ikkje maktar å setje ord på eller frigjere.
Årets diktsamling frå Oddbjørn Birkeland er den tredje sidan debuten i 2013.
Foto: Niklas Lello
I den førre diktboka til Oddbjørn Birkeland, Eurydike snur (2019), fann ein dialog mellom ein levande og ein død stad. Utgangspunktet for dikta er at den døde ikkje er heilt forsvunnen, sidan den døde framleis produserer meining for den levande. I årets diktbok, Ikkje bare ei mor, som er Birkelands tredje, kan ein lesa inn tematikkane frå Eurydike snur, men hovudmotiva er det lyriske egets tilhøve til mor si.
Komprimert slektssoge
Mora er ein høgst ambivalent skapnad. Ho er både dominerande og kan, når ein får innsyn i det lyriske egets versjon, verke skadd i kjærleiksevna: «du skal ikkje ha andre kvinner enn meg/ eg skal elske deg/ til du ikkje treng ha eit eige liv.»
Diktboka blir ikkje ståande i den isolerte skildringa av det til dels vonde mor–barn-tilhøvet, for i jakta på årsaker og grunnar til mørket faldar dikta ut ei komprimert slektssoge som involverer utreise til Amerika, mormora, tanter og butikken besteforeldra dreiv.
Birkelands dikt søkjer attover i soga, kastar opp minnebilete og talande augeblikk, i freistnaden på å finne gyldige svar og opphavet til moras mørke: «morfar du må på med den gamle grå dressen/ med det blanke klokkekjedet på magen/ og døy om igjen og om igjen, morfar.»
Prosaisk tone
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.