Bok
Monumentalt og lågmælt
Morten Claussen skriv eksistensielle dikt som fangar mennesket i det jordiske.
Morten Claussen har gjeve ut fleire romanar, essay og attdiktingar.
Foto: Solum Bokvennen
Morten Claussen skriv i fleire sjangrar. Forutan romanar, dikt og litterære essaybøker har han gjendikta mellom andre Samuel Beckett og Durs Grünbein til norsk. Elementene er Claussens fjerde diktbok.
Tittelen gjev assosiasjonar i retning av noko grunnleggjande, av grunnstoff. Ordet element tydar «del av noko anna». Aristoteles rekna med fire grunnleggjande delar: eld, jord, luft, vatn. Claussens dikt opererer med fleire element, og ikkje berre fysiske, også mentale; i det fyrste diktet vert «fjellene», «vindene», «himlene», «månen» og «disen» nemnde, og desse vert også til namn på avdelingane i diktboka. Dikta vev saman ytre fysiske miljø og fundamentale eksistensielle livsvilkår, natur, biografi, sakn, tid, minne og framtid.
Verknadsfullt
Dikta er korte og ber ikkje titlar, berre fortlaupande nummer. Språkleg pendlar dei mellom eit monumentalt og eit meir lågmælt uttrykk. Ein vil sjå at religiøse symbol og bilete ofte vert stilte saman med profane, og at dikta samlar seg om eit fåtal motiv.
Dei nemnde samanstillingane kan vere svært verknadsfulle. Som i diktet der «kranene i Kværnerdalen» og «gamlebyens minareter» er «i andektig bevegelse/ døgnet rundt». Ein overordna tendens er at dikta strevar mot å overskride dei jordiske vilkåra samstundes som dikta stangar mot, og vert kasta attende på, materien. Følgjeleg er lengten umogleg å utrydde og tilfredstille.
Dette er, for å nytte eit religiøst bilete, krossen som eget i desse dikta har å bere, og som eget som ligg og betraktar utanverda gjennom sprossevindauga, erfarer når det vert uttrykt at «små kors ruter opp skogene». Utsynet vert farga av ei dødsinnsikt, samstundes som erkjenninga skapar ein viss dødeleg orden, gjennom at krossen rutar opp skogane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.