Bok
Mannen som felte Arne Treholt
Ben Macintyre har skrive ei fabelaktig bok om ein fabelaktig mann.
President Ronald Reagan då han møtte KGB-avhopparen Oleg Gordijevskij i Det kvite huset i 1987.
Foto: Mary Anne Fackelman / Wikipedia
Fyrst ei metaopplysning: Eg har lese denne boka på engelsk. Sidan eg diverre sjeldan er innom norske bokhandlarar, men kjøper alt på Amazon, var eg ikkje klar over at ho i januar vart gjeven ut på Kagge forlag med tittelen Spion og forræder. John le Carré kallar boka den «beste sanne spionsoga eg nokon gong har lese». Eg er samd, men eg vil òg leggja til at eg ikkje har lese ei fiksjonsforteljing som var like spanande.
Ben Macintyre er til vanleg kommentator i The Times, men han har slege seg stort opp som spionekspert og spesialist på spesialoperasjonar og -soldatar. Han har laga dokumentarseriar for BBC og gjeve ut mange bøker. Eg vil ikkje kalla han historikar, bøkene og seriane hans manglar ofte den store konteksten og er ikkje djupanalytiske. Macintyre er ein fabelaktig journalist og skriv fantastisk godt. Bøkene hans er også gjevne ut som lydbøker der han sjølv les. Om du held på med hagearbeid eller køyrer bil eller gjer anna rutinearbeid, får du ikkje betre underhaldning enn å høyra Macintyre lesa med nydeleg Oxford-aksent og særmerkt personleg uttale.
Skadde menneske
Denne boka er om Oleg Gordijevskij, som vart fødd inn i ein prominent KGB-familie i 1936 og voks opp i huskompleksa til KGB. I dag lever han på løynd adresse i England, som han gjort dei siste 35 åra. Macintyre har intervjua han over mange år, og det verkar på eit vis som han er den einaste venen Gordijevskij har.
Det er dei «skadde av lagnaden og naturen» som vert spionar, lærte KGB opp rekruttar til å tenkja når dei skulle skaffa nye spionar. Gordijevskij er sjølv eit godt døme på kor rett den læresetninga er. Han var einsam då han budde i Sovjet, han var einsam då han var forrædar, og han har vore einsam i alle åra etter at han hoppa av. Det mest imponerande med Gordijevskij er at han ikkje har bukka under.
Både Oleg og den eldre broren var skuleflinke og hadde lett for å læra seg språk. Dei tok sjølvsagt båe utdanning innanfor KGB-systemet. Broren drakk seg i praksis i hel, Oleg vart i 1974, då han var tilsett ved den sovjetiske ambassaden i København, spion for Storbritannia. Grunnen til at Gordijevskij er kjend for nordmenn, er at det var han, via britane, som tipsa norsk etterretning om både Gunvor Galtung Haavik og Arne Treholt, som har ein sentral plass i boka. Om du les boka og framleis har sympati med Treholt, har du ikkje forstått kva du har lese.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.