Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Maktas betongarkitektur – med litt pynt

Espen Johnsen har laga ein grundig monografi over ein tidstypisk arkitekt vi framleis er usamde om.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Høgblokka til venstre og Y-blokka under oppføring.

Foto: Teigens Fotoatelier / Dextra Photo / Norsk Teknisk Museum

5650
20201218
5650
20201218

Sakprosa

Espen Johnsen:

Erling Viksjø. Eksperimenter i form og betong

Pax Forlag

Sidan 22. juli 2011 har to arkitektoniske verk i Noreg av tragiske grunnar fått sterkare søkjelys på seg enn nokon andre. Det gjeld Høgblokka og Y-blokka i regjeringskvartalet, den første sterkt skadd, medan den andre, om enn uskadd, med store tryggleiksutfordringar. Etter bygningstekniske vurderingar er det no klårt at Høgblokka skal rehabiliterast, og dessutan skal dei to etasjane som vart bygde på i 1990, rivast, slik at den opphavlege skulpturale forma frå 1958 vert tilbakeført.

Dette var det minst kontroversielle ved planane for det nye regjeringskvartalet. Derimot har det vore mykje støy kring rivinga av Y-blokka. Mange har sett på det som eit overgrep mot eit åndsverk og mot arkitekten, Erling Viksjø (1910–1971).

Fabelaktig illustrert

Då er det særs passande at det no er kome ein stor og fabelaktig illustrert monografi om denne arkitekten, slik at både motstandarar og tilhengjarar kan få innsyn i personen og den stilretninga han representerte. Viksjø var ein frontfigur i Noreg for den funksjonalistiske modernismen, som var inspirert av Le Corbusier, og som Viksjø vidareutvikla i retning av brutalisme: Der ein ikkje dekkjer til betongen med «falske» fasadeplater.

Denne stilen var dessutan knytt til eit sosialistisk og sosialdemokratisk samfunnssyn. Le Corbusier var først tiltrekt av tidleg sovjetisk kommunisme, medan Viksjø vart Arbeidarpartiets arkitekt. Han sat på Grini samstundes med Einar Gerhardsen og var god ven av Lars Dahl Walløe, mektig ekspedisjonssjef under Aps dominans i 50-åra.

Viksjøs personlege biografi er temmeleg preglaus, og Espen Johnsen, som er professor i kunsthistorie ved Universitetet i Oslo, understrekar fleire gonger at han ikkje var nokon intellektuell. Han var heile tida flittig arkitekt, berre avbroten av nokre raptusar som kunstmålar, der han absolutt viste talent. Kan hende også for å oppleva å ha full kontroll på eitt område.

Boka får grundig fram kor mange kompliserte manøvreringar eit større arkitektonisk byggjeprosjekt må gjennom før det vert realisert, ikkje minst for å koma seg forbi ingeniørar og politikarar, særleg finanspolitikarar. Dette gjer at Johnsen må konsentrera seg om nokre få sentrale verk for å få fram hovudbidraga til Viksjø, nemleg Høgblokka og Bakkehaugen kyrkje. Så det vert ikkje sagt så mykje om andre monumentale oppgåver Viksjø fekk etter 1960, til dømes Hydro-bygningen og Bergen rådhus. Som Johnsen seier: Ei stund var Viksjø uslåeleg i arkitektkonkurransar.

Høgblokka

Historia til Høgblokka byrjar med ein slik arkitektkonkurranse i 1939, før Viksjø vart uslåeleg. Det var først i 1946 at Viksjøs framlegg vart valt ut. Men det skulle gjennom mange endringar før bygningen stod ferdig i 1958. To gamaldagse og «utdaterte» bygningar måtte rivast og flyttast, til protestar frå dei «reaksjonære».

Det nye Viksjø gjorde som modernist, var at han overvann funksjonalismens motvilje mot «utvendig» påført ornamentikk. I staden ville han gjeva sjølve betongen ein meir «ekte» ornamentikk gjennom innblanding av elvegrus og sandblåsing av overflata etter støyping. Neste steget var å sleppa til kunstnarar, både inne og ute, og la dei laga former og figurar med sandblåsing. Høgblokka har fleire fine nonfigurativt dekorerte vegger i trappeoppgangar laga av til dømes Inger Sitter. Og Y-blokka har som kjent desse Pablo Picasso-bileta utførte av ektemannen hennar, Carl Nesjar.

Viksjø gjorde ein freistnad på å verta ein slags betongpoet for å motverka den keisame og maktsymboliserande forma til dei offisielle bygningane: repeterande vertikale firkantar. Lik horisontale soldatregiment på Den raude plassen. Men med figurteikningar i gavlane. Eg har likevel ikkje så mykje imot desse bygningane, sjølv om eg ikkje kan sjå at dei er særleg estetisk gjevande. I motsetnad til dei elegante, mindre mektige villaene han laga.

Y-blokka

Derimot er det vanskeleg for meg å skjøna at nokon ville ta vare på Y-blokka, som veltar seg fram som ein betongslange med to hovud, mellom Høgblokka og på andre sida Deichmanske bibliotek og Trefoldighetskirken. Og med Viksjøs eksplisitte intensjon om å stengja for utsynet til desse siste bygningane med forvirrande ulike barokk- og klassisismestilar. Som om vi ikkje skulle ha godt av litt stilmangfald? Eigentleg er Y-blokka berre ein kopi av Unesco-bygningen i Paris. Men der har ho fått betre plass kring seg.

Eg er dessutan glad for at Viksjø ikkje vann konkurransen om å byggja på Stortinget. Han ville reisa eit 60 meter høgt tårn på Wessels plass. Og når det gjeld Bakkehaugen kyrkje, som har fått ei tidstypisk naustform, lik Fram-huset, fekk Viksjø rett nok Betongtavla for denne. Men ironisk nok har betongen sprokke og gjort tak og vegger utette, slik at kyrkja no har fått nett slike utvendige og førmoderne dekorative plater, av kopar, som Viksjø ville gjera overflødig.

Johnsen sjølv har eit meir positivt syn på det meste Viksjø har laga. Men det er heilt irrelevant for framstillinga hans, som er førebiletleg sakleg informativ og med stålkontroll på eit imponerande stort materiale.

Som eg impliserte innleiingsvis, er dette ei perfekt julegåve både frå Y-blokk-tilhengjarar til Y-blokk-motstandar og vice versa. Båe partar får innsyn i ein viktig kulturperiode – og bakgrunn for meiningane sine.

Arild Pedersen

Arild Pedersen er professor emeritus ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Som Johnsen seier: Ei stund var Viksjø uslåeleg i arkitektkonkurransar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Bjørn Olaf Johannessen er manusforfattar for ei rekkje filmar og TV-seriar. Årets roman er den tredje sidan debuten i 2017.

Foto: Jacob Johannessen Maske

BokMeldingar

Inni er me like, men det er utanpå

Bjørn Olaf Johannessen skriv artig, men mest utanpå om det innvendige.

Odd W. Surén

Stridsvogner øver på å slå attende kinesiske landgangsstyrkar på Penghu-øyane i Taiwansundet.

Foto: Taiwan Military News Agency / Taiwan's Defense Ministry / AP / NTB

UtanriksSamfunn

Starten på ein storkrig?

For tida bur eg i eit fredeleg, demokratisk og velståande land, som risikerer å utløysa den neste storkrigen i verda.

HalvorEifring

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis