Lyriske sprang
Omriss av åpne hender byr på mangfald og rikdom i kryssingspunkt mellom lyrikk og prosa.
Fredrik Hagen har skrive fleire diktsamlingar og leiar Lyrikksalong på Litteraturhuset i Bergen.
Foto: Linn Heidi Stokkedal
PROSA
Fredrik Hagen:
Omriss av åpne hender
Flamme Forlag
Boka til Fredrik Hagen seier noko om kor grunnleggjande fellesskapet og omverda er for livet til den enkelte. Fleire av avdelingane i boka ber det klassiske kjennemerket på ein kunnskapstekst, til dømes heiter dei «Om øynene», «Om nettene» og «Om sorg». Dei prosalyriske tekstane til Fredrik Hagen er bygde over ein fascinerande og litterær fruktbar dialektikk.
I forsøket på å halde fast og fiksere noko som noko, oppdagar ein tvert om at avgrensing er vanskeleg. Tinga, orda og livet strekkjer seg ubønhøyrleg utover seg sjølv, flettar og vevar seg i andre ting, ord og liv. Eksistens inneber å tre ut eller stå ut, og det er nett det som verkar å vere på gang i Omriss av åpne hender, ja, alle område og forhold peikar vekk frå seg sjølv. Tanken på at det individuelle livet, idet ein ønskjer å gripe det som enkeltståande og unikt, forvandlar seg til noko anna, kan nok verke forstemmande for den som trur på individets suverene autonomi.
Ope og opnande
Det «åpne» er ikkje berre eitt ord i boktittelen. Det opne og opnande vert til eit prinsipp og motiv i desse tekstane. Den fyrste tekstavdelinga som heiter «Om øyet», kan sjåast på som ein tekst som konkret ønskjer å opne auga for eit granskande blikk:
«Øynene utviklet seg før hjernen, og har trolig forårsaket den. Det er altså her vi kommer fra; vi er et forsøk på å forstå hva øynene ser.»
Nett ved å zoome inn på distinksjonar og grenser, anten dei gjeld for ulike kroppsorgan eller handlar om historiske eller sosiale skott, forvandlar dei seg i Fredrik Hagens tekstar til passasjer, tersklar og opningar.
Litterær logikk
Med denne ekspansive litterære logikken i botnen er det ikkje overraskande at tekstane nett får ein eigenskap av å vekse, skyte knoppar og forgreine seg, ofte i eit ras av uventa retningar. Éin stad tek tekstane forma til eit dikt, andre gonger liknar dei prosadikt eller prosastykke, men dei er alltid i spagat, på spranget over i ei anna form.
No er ikkje dette tekstar som ikkje eig avgrensing, og som heile tida sprengjer rammene for sin eigen tekstlege eksistens, slik at dei risikerer å verte eit kaotisk og flimrande aggregat. Tvert om finn ein ofte setningar og bilete som fikserer og held fast aspekt av eksistensen og livet som overraskar og skjerpar nyfikna og gjer at verda og livet og mennesket trer fram i eit anna, mogleg lys.
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Tekstane er alltid i spagat, på spranget over i ei anna form.
Fleire artiklar
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø
«Måltidet skreid fram under både lågmælte og høglydte sukk og stønn.»
Stillinga i VM-kampen mellom Ding Liren og Gukesh var 4–4 etter 8 av 14 parti.
Foto: Eng Chin An / FIDE
Sjakken lever vidare som eit kuriosum og freak-show, noko som passar meg ganske bra i denne spalta, skriv Atle Grønn.
Når den ambisiøse kokken Almut (Florence Pugh) møter nyskilde Tobias (Andrew Garfield), endrar livet seg for alltid.
Foto: Ymer Media
At eg tek til tårene, betyr ikkje at eg elskar We Live in Time.
Ein demonstrant med gassmaske protesterer i Tblisi 2. desember mot at den nye regjeringa vil leggja vekk EU-søknaden.
Foto: Irakli Gedenidze / Reuters / NTB