Lukeparkerte damer
Line Baugstø har gitt stemme til ei gruppe som sjeldan blir høyrd.
Line Baugstø har skrive fleire novellesamlingar og romanar sidan debuten i 1986.
Foto: Fartein Rudjord
Samandrag
Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP
Roman
Line Baugstø:
Evil grandma
Oktober
«Alle hemmelige agenter burde sett ut som henne. De ville sklidd helt ubemerket inn hvor som helst.» Det er Mona på 65 som tenker dette, som ei skildring av usynleggjeringa som rammar kvinner som er over fertilitets- og attraksjonsalder. Alt som står igjen, er bestemorrolla, og den er ikkje Mona særleg interessert i.
Årets roman av Line Baugstø har tittel etter instagramkontoen Mona opprettar: «Evilgrandma65». Mona får vite at eldstesonen Thomas og influensarkjærasten hans Alma skal bli foreldre, og ho reagerer med eit stivt smil og panikkanfall. For ho er jo inga mild bestemor, veit ho sjølv.
«For meg blir det viktig å lese romanen som satire, skal eg godta det einsidige.»
Når ho i tillegg ikkje kan fordra svigerdottera og generelt kjenner seg ignorert av omverda, står irritasjonsmomenta i kø, noko den anonyme instagramkontoen tener som luftekanal for. Her deler ho vondskapsfulle innlegg som møter både applaus og hovudristing. Sjølv frydar ho seg.
Line Baugstø har skrive ei frisk og satirisk forteljing om eit underbelyst emne. Det er mykje kraft og vitalitet i ei sint, eldre dame. Her er rettvis harme, som når Mona blir snakka ned til av ein lite lyttande lege, eller når ho blir dratt med på ein katastrofal date av ein mann utan antenner. Her er òg rom for sjølvinnsikt; Mona er ikkje berre suveren. Ein kosteleg scene der ho på skitur viser trass på linje med ein treåring, er ei manifestering av dette.
Einsidig og nyansert
Ei innvending er at personane kan bli vel eindimensjonale. Thomas og Alva flyttar for ein periode inn hos Mona etter ein vasskade heime. Her set dei frå seg skitne koppar og tallerkenar og anna rot overalt, og bidrar ikkje med noko husarbeid. Dei sit mest i sofaen med kvar sin skjerm.
Svigerdottera går rundt i sine pusete kosedrakter og vil ikkje ete halvparten av all den gode maten Mona lagar, av omsyn til fosteret. Alma kan seie slikt til svigermora: «Du vet at det er mye enklere å rydde opp etter middagen hvis man holder det ryddig underveis, mens man lager maten?» Eg tenker: Er det mogleg å vere så freidig, og så blotta for sjølvinnsikt? Alma er berre stupid, Thomas er berre tøffel, venene til Alma er fnisande, utspjåka idiotar, Mona er (mest) sjølvrettferdig.
Men i satirens namn er karikatur lov. For meg blir det viktig å lese romanen som satire, skal eg godta det einsidige. Då er det òg frydefull lesing. Som når Mona omsider klikkar, noko som berre fører til at ho blir endå meir isolert.
Dessutan er Baugstø ein kløppar til å la replikkane tale (!). Gjennom Monas blikk kjenner lesaren korleis dei urimelege ytringane som haglar rundt henne frå alle kantar, rammar henne, parkerer ho som menneske, eit menneske med kjensler, tankar og meiningar. Og eigenverd.
Skildringa av forholdet mellom Mona og venninna Annemor byr på nyansar som ikkje blir dei andre til del. Dei to går gjennom opp- og nedturar i tidsrommet romanen går føre seg i, og det blir til ei forteljing om at det går an å kome seg gjennom relasjonelle flokar, ved eigeninnsats.
Det doble perspektivet
Evil grandma er ein roman om generasjonsmotsetningar, om noko vi har mista (skamkjensle) og noko vi har fått (instagramkontoar for bestemødrer). Og at kanskje går det likevel ei grense for kor sømmelege vi bør vere, og ei grense for kva bestemødrer skal dele på sosiale medium. Skru på harselasfilteret og døm sjølv.
Ingvild Bræin
Ingvild Bræin er forfattar, nordist og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.