Bok
Livsreise og måneferd
Aina Villanger skriv vent, vondt og viktig.
Aina Villanger har teke utgangspunktet i onkelen Arne.
Foto: Baard Henriksen
I Aina Villangers fjerde bok, Onkel Arne og månen, dreier det seg om onkelen til forfattaren. Han tok sitt eige liv i 1969, året for måneferda til Apollo 11.
Månen og måneferda spelar ei essensiell rolle i boka og i tekstane, både som tidspuls og koloritt, men også som overordna motiv og bilete på Arnes lengslar, frykt og fantasiar. Dødsferda til Arne vert spegla av nedteljinga til månereisa. Men Arne representerer òg ein måne for skrivinga til eget, som omtalar tekstane i boka som «en månetale/ fra en hånd som holder/ et knivblad mot strupen».
Montasje
Lesaren møter ein sinnrikt komponert montasje: lyriske snuttar, nyhendemeldingar, prosa og klinisk journaltekst. Noko tekst kjem frå onkelen sjølv, mellom anna almanakknotat og utdrag frå ei draumedagbok onkelen skreiv. I tillegg får ein passasjar frå pasientjournalane.
Desse tekstane vert òg blanda i Villangers eigen poetiske tekst, noko ein kan ta som eit uttrykk for at det er glidande overgangar mellom ulike eg-personar. For sjølv om ein møter Arnes eg i tekstane, består eget av eit forhold mellom fleire, både Arnes, forfattarens og tekstens eg, slik også grunnmotivet i boka teiknar opp eit forhold mellom jorda og månen.
Aina Villangers tekst føyer ikkje saman tekstane til ein heilskap som forklarar og peikar ut årsaker til sjølvmordet. Ho syner betane fram, i bråe kast frå studieopphald i Amerika til gardsarbeid, og i veldige spenn mellom trivielle utstyrslister som nemner «15 fenderfester» til kosmiske utsyn og eksistensielle kvalar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.