Bok

Litterært minnearbeid

Teie skriv ekspanderande lyrikk med eit forteljande grep.

Marianne Teie.
Marianne Teie.
Publisert

Den førre diktboka til Marianne Teie falda ut eiga slektshistorie. I Jeg lar det være slik er det framleis det historiske diktet som gjeld, men omdreiingspunktet er livshistoria til Joseph Hirsch Schechter, som hadde tysk-jødisk opphav og spelte fiolin i Harmonien i Bergen før andre verdskrigen. Joseph Hirsch Schechter blei deportert med transportskipet «Donau» i 1942 og inn i døden.

Rekonstruert liv

Teies diktbok grip fatt i eit historisk autentisk materiale, følgjer Joseph og rekonstruerer livet hans, anten i Tyskland og Bergen eller på reise mellom Dresden, Bergen og Berlin. Mellom diktsekvensane finn ein soleis lista over inndregne eignelutar frå Joseph og ei prenta faksimile av «spørrekjema for jøder i Norge» som gjeld han. Trass i dei dokumentariske innslaga ber diktsekvensane fram eit sterkt medvit om at dei baserer seg på rekonstruksjon og syner at historia framleis er gyldig for nokon; her finst eit nærverande diktar-eg som vev seg inn. Som «bygger ham opp med tall og dokumentavskrifter», som «trenger Johanna som går over gaten» og som «bestemmer at han ser sol/ da gjør han det».

Det nærverande og problematiserande eget lyftar dette som dikt og gjer at materialet vert utsett for ei litterær handsaming som rett nok ikkje går på akkord med det vesentlege.

Eit godt grep

Spørsmålet er ikkje berre korleis ein kan aktivere eit fortidig stoff, men korleis ein kan gjere det eksistensielt gyldig i ein poetisk samanheng. Her er det ikkje berre å puste liv i materialet ved å bruke modellar og kollektive traume for å lage ei bok. Her kvilar det eit anna ansvar på forfattaren. Marianne Teies diktbok freistar å redde denne individuelle historia, men medvitet om at eget ikkje kan hjelpe, er sterkare. Teie syner at historia om Joseph ikkje berre er ei påminning om at noko frykteleg har skjedd i fortida, nei, ho er også ei profetisk minning i den forstand at ho gjer oss merksam på at noko liknande kan skje igjen, på onsdag, i neste veke.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement