JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Lett og grundig om 1800-talet

Det blir laga mange halvgode vitsar om forholdet mellom historie og historier. Men på sitt beste kan ein kombinera evna til å fortelje historier på ein fengjande måte med det å formidla historie som fag.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Merethe Roos er professor i historie ved Universitetet i Søraust-Noreg.

Foto: Cappelen Damm

4849
20210528
4849
20210528

Sakprosa

Merethe Roos:

En kort introduksjon til Norge på 1800-tallet

Cappelen Damm Akademisk

Det er Merethe Roos’ vesle bok om 1800-talet eit eksempel på. Boka hennar er ein del av ein serie Cappelen Damm Akademisk har sett i gang om norsk historie, med små, korte bøker om periodar eller tema. Så langt er det kome sju bøker, dei fleste frå eldre historie.

Merethe Roos er professor i historie ved Universitetet i Søraust-Noreg og redaktør i Norsk pedagogisk tidsskrift. Ein merkar at ho kjenner skulehistoria godt. Men introduksjonen hennar er slett ikkje prega av personlege kjepphestar. Snarare er ho oppteken av å visa fram kva faget har arbeidd med og kan by på, og på alle punkt får lesaren opplyst kvar ein kan finna utdjupande lesnad.

Ovanfrå og nedanfrå

Her og der viser Roos til kontrasten mellom historie ovanfrå og historie nedanfrå. Den tradisjonelle historieframstillinga var gjerne ovanfrå – med vekt på kongehus, regjeringar og politiske leiarar. Dette har i seinare år blitt supplert av mange perspektiv nedanfrå: vilkåra for folk flest, organisasjonsliv og kultur på grunnplanet, sosialhistorie, framvekst av politiske rørsler og så vidare.

Roos skriv om ein periode (frå 1814 til 1905 – ei rikspolitisk inndeling) som rommar viktige endringar både ovanfrå og nedanfrå. Hendingane i 1814 var i høg grad noko som skjedde over hovudet på dei fleste, ved at Noreg blei gjeve bort til Sverige som krigsbytte. Men reaksjonane på det internasjonale spelet engasjerte mange ulike lag av folket, og meir så etter kvart.

Store endringar

Dei største endringane i denne perioden var kanskje rikspolitiske. Men det er slett ikkje sikkert. Andre store forandringar var demografiske, teknologiske og kulturelle. Den store auken i folketalet, som mellom anna kom av medisinske framsteg, utviklinga av industri og ein nærast eksplosiv auke i organisasjonsliv, var endringar som verka sterkare inn på kvardagslivet.

Og oppskrifta til Roos er ikkje å velja mellom oppe eller nede, økonomi eller kultur, men å peika på vesentlege endringar på alle desse områda. Ein kjem ikkje unna Grunnlova, danninga av Stortinget, innføringa av parlamentarismen og brotet med den svenske unionen. Det er dramatiske og spennande hendingar. Men ein kjem heller ikkje unna den store rolla organiseringa av bøndene, lekmannsrørsla, ungdomslaga, arbeidarane og lærarane.

Rikspolitikken vart sterkt prega av alt dette. Metoden til Roos er ikkje å insistera på eitt felt, til dømes arbeidarrørsla eller motkulturane, men å visa fram mangfaldet, og peika på kven som har skrive meir om dei einskilde aspekta.

Så har ho eit eige grep: Ho brukar avisene som illustrasjonsmateriale. Ein annonse for luksuriøse sko i 1905 viser at landet har kome på fote økonomisk, at avisene brukar moderne annonsar, og at konkurransen i forretningslivet går sin gang. Ei meddeling frå kongen ved starten av hundreåret fortel om eit heilt anna samfunn. Roos kjem med slike eksempel boka igjennom og viser kor store endringar som skjedde i løpet av det knappe hundreåret ho skriv om.

Lesekunnskapar

No er eg ikkje historikar og kan ikkje ta på meg strengt faglege vurderingar. Eg kjenner historiefaget mest frå arbeid med litteratur frå denne perioden. Men eg stussar på eit par småting. Roos skriv at dei mange avisene illustrerer at lesekunnskapane utvikla seg sterkt i løpet av denne tida. At utdanningsnivået steig, er sikkert nok, og dermed utvida nok det området for kva folk las. Men folkeskulen vart innført alt i 1739 – for alle. Og nyare leseforsking har vel vist at det var relativt stor lesekunne alt før dette.

Men kva dei las, endra seg frå ein dominerande religiøs litteratur til andre medium og andre bøker. Ein annan nyanse kunne eg etterlysa i omtalen av Grundtvig, som Roos tydeleg veit mykje om, men som ho teologisk forenklar til å seia at pietistane var opptekne av Bibelen som norm, medan Grundtvig gjorde mennesket til norm og sentrum.

Det er ei forenkling, som kanskje kan forsvarast for pedagogen og skulemannen Grundtvig, men ikkje salmediktaren og kyrkjemannen. Derimot har forfattaren eit klokt blikk på kor viktig Grundtvig var i Noreg, gjennom folkehøgskulen og norskdomsrørsla. Men dette er detaljar og små nyansar.

Dersom føremålet med serien er å skriva kort, tilgjengeleg og påliteleg om ein periode, har Roos løyst den oppgåva på beste vis. Det er freistande å lesa fleire bøker i serien.

Jan Inge Sørbø

Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dersom føremålet med serien er å skriva kort, tilgjengeleg og påliteleg om ein periode, har Roos løyst den oppgåva på beste vis.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis