Leiken kortprosa
Torbjørn Oppedal skriv kort og godt kort og godt.
Torbjørn Oppedal fabulerer over koparstikk laga av Jacques Stella.
Foto: Paal Audestad
Kortprosa
Torbjørn Oppedal:
Leker
Tiden
Når Torbjørn Oppedal vel seg temaet leik for ei samling kortprosa, gjer han det til fingerspissane. I tillegg til at alle tekstane omhandlar leik i ein eller annan forstand, er kvar tekst utstyrt med ein illustrasjon frå Les Jeux et Plaisirs de l’Enfance (1657) av Claudine Bouzonnet-Stella. Desse kopparstikka etter målaren Jacques Stella viser små, feite, nakne barn som blæs såpebobler, flyr med dragar, hoppar paradis, leikar med rokkering eller kastar på blink.
Nokre gongar held Oppedal seg bokstaveleg til bilda, andre gongar fabulerer han friare. I kvart tilfelle står tekst og bilde i eit forhold som skapar ein nysgjerrig lesar. Kva skal han leike seg med på neste side?
Humring og grubling
Det første som slår ein i illustrasjonane, er kor forbløffande mange av barneleikane som er dei same i dag som på 1600-talet, sjølv om barndommen ikkje vart «oppfunnen» før på 1700-talet av filosofen Jean-Jacques Rousseau. Men som Oppedal skriv: «Leken var her før oss og vil fortsette etter oss.»
Når ein lagar seg ei slik ramme, som forfattaren har gjort her, fungerer ho ordnande, men òg lukkande. Ho tillèt at forfattaren assosierer i alle retningar med leikomgrepet; utgangspunktet er fast, men løysingane tilnærma uendelege. Samstundes kan ein tidvis spore ein viss tomgang i tematikken, som trass alt er dømd til å bli monoton.
Derfor fungerer dei tekstane best som ikkje legg seg for tett opp til verken bilde eller «oppdrag», men løftar seg – og oss – vidare. Eksempelvis viser eit bilde to barn på ei huske i eit tre, dei sit med ryggen til kvarandre. Teksten seier: «Vi leker alltid. Hver dag leker jeg at jeg er god nok for deg. Du leker at du er noen jeg vil ha.» På eit anna bilde dannar barna ein hest med kroppane sine, og utan openberr samanheng skriv Oppedal: «Fare, fare, krigsmann, døden skal du lide. Og navnet ditt skal stå
uleselig på plaketten.» Slikt får oss til både å humre og gruble.
Frisk og forlokkande
Nokre gongar er det bruken av leiken i overført tyding som skaper substansen, og som byr på innsikt. Som i teksten om blindebukk, der poenget som kjent er å sleppe unna blindebukken som med bind for auga prøver å få tak i deltakarene rundt seg. Her snakkar Oppedal om blindebukkrolla i livet: «Trikset er å finne en blindebukk som det faller helt naturlig å unngå. (…) Leken er over når han har gjettet hvordan vi egentlig ser på ham.» Det er jo hjarteskjerande!
Andre innsikter og vendingar er meir forslitne: «Så lenge lekte jeg at jeg var noen andre at jeg nå må leke at jeg er den jeg var.» Kortprosasamlinga Leker beveger seg i spennet mellom det bagatellmessige og det overskridande, men den samla ideen er god, og utgjevinga kjennest frisk, forlokkande og oppattlesevennleg.
Etter mange år med eit usentimentalt – og plassmessig pressa – forhold til bøker, peikar denne vesle boka seg ut som ein av dei få titlane eg føretrekker å ikkje hente på biblioteket om eg vil henne noko meir, men ha henne sjølv. Nær meg, der i hylla. Ved sida av jojoane, klinkekulene og Matchbox-bilane.
Ingvild Bræin
Ingvild Bræin er forfattar, nordist og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Den samla ideen er god, og utgjevinga kjennest frisk, forlokkande og oppattlesevennleg.
Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.