JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Kvinnefrigjering i yrke og politikk

Hilde Bojers erindringsbok plottar inn dei store spørsmåla på norsk venstreside sidan 1945, frå sosialismeteori og atomprotest til kvinnesak og rettferdstenking.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5131
20231006
5131
20231006

Sakprosa

Hilde Bojer:

Glimt fra et liv.
Erindringer

Kolofon

Saman med biografien til Arnhild Skre, Berge Furre. Eit liv i rørsle, har me fått eit mangfaldig oversyn over ideane på venstresida i denne epoken, sett frå to sentrale aktørar og med alle dei dilemma, avvegingar og personkonfliktar som fylgde med. Det gjev innsyn og perspektiv.

Hilde Bojer er barnebarn til forfattaren av romanen Den siste viking, Johan Bojer, som levde frå 1872 til 1959. Av yrke er ho økonom. Dinest var ho ein av dei fremste SV-økonomane. Og til sist var ho gjennom heile livet politisk aktiv i SV (vald inn i Oslo bystyre i 1971, sat der i fem år og vart vara til Stortinget frå 1981 til 1989). Ho var også nestleiar i SV frå 1979 til 1983. På Stortinget var ho ein av dei fremste til å tala for kvinnerettferd og likeløn. Kvinnefrigjering er det samla temaet for aktivitetane hennar i yrkes- og politikarliv.

Statistikk

Etter eksamen underviste Bojer i statistikk på det namngjetne Sosialøkonomisk institutt (no omdøypt) ved Universitetet i Oslo. Der var flogvitne menn som Ragnar Frisch, Trygve Haavelmo og Leif Johansen i staben. I sjølvbiografien gjev ho fargerike skildringar av dette mannsmiljøet, som ho hadde gode røynsler med.

Haavelmo var bister og kritiserte alt og alle, men baud med seg mange til nobelfesten i Stockholm, medan Leif Johansen var vennesæl og hjelpsam. Diverre døydde han så altfor tidleg, 53 år gamal. At Johansen kunne vera kommunist, skjøna aldri Bojer. For den gåverike, disiplinerte forskaren skjøna kor irrasjonell sovjetøkonomien var. Dessutan var Sovjet eit diktatur. Det var Johansen som overtydde Bojer om at u-landa ikkje kunne ha von om framgang utan ein periode med proteksjonisme.

At Bojer hamna på Blindern, vart ikkje udelt god motteke i familien. Ei av tantene hennar kunne ikkje forstå at Hilde, som også hadde lese Shakespeare, kunne falla så djupt. Ho måtte vera esla til noko større enn å undervisa i the dismal science, økonomi. Akk.

Aktiv i SF og SV

Ved sida av dette akademiske livet var Bojer i mange år aktiv i SF og SV. Ho gjev eit sjarmerande portrett av Hanna Kvanmo, som frå ein usikker plass i Stortinget vart ein trygg og folkekjær leiar. Og medviten om eiga makt i parlamentet.

Og vi får vita at Bojer ikkje kunne rå med ein tendens Berge Furre hadde: Han truga med å trekkja seg frå verv om han ikkje fekk det som han ville (men utan vilje, kraft eller intensjon om å gjennomføra forsettet). Det var ein uting, meiner ho. Elles er ho «nesten på gråten» over å lesa i Skres boks kor langt Furre gjekk i forståing for DDR og andre kommunistdiktatur.

Bojer seier no at ho var naiv andsynes Jugoslavia. Det er ho ikkje åleine om. Generasjonar av venstreorienterte trudde Titos sjølvstyresosialisme hadde ei framtid. Eg hadde sjølv ei reim av den huda, må eg vedgå.

Bojer var ikkje med i samlingsprosessen i 1975 mellom SF/NKP, EF-motstandarane i Ap og uavhengige sosialistar. Ho stødde freistnadene medan det heile stod på, men kom etterpå til at omdøypinga av SF og nedlegginga av avisa Orientering var «grove feil». «Men også før det kom så langt syntes jeg det var slitsomt å dras med eks-kommunistene», som ho skriv. Ho er glad for at Kristin Halvorsen raka kastanjane ut or elden, det vil seia rydda opp.

Sosialistisk aktivisme

Eit av dei mest interessante draga ved Bojers bok er drøftinga av sosialismen som økonomisk teori. Bojer var aldri i nærleiken av å bli kommunist, endå ho kjem frå ein radikal familie der faren, Halvard, var med i Mot Dag. Bojers sosialistiske aktivisme låg langt frå proletariatets diktatur og ovundring for Stalin. Sosialistisk studentlag, laget hennar på Blindern, stod for nedrusting, avspenning og kontakt austover, altså klassisk SF.

Student i Moskva

Ho var ein periode (1967) som student i Moskva for å bli kjend med nyare tendensar i sovjetisk økonomisk tenking. Men det rann ut i sanden. I debatten omkring plan og marknad møtte ho for det meste betong-doktrinære bresjnevistar. Då heller analysane til den britiske økonomen Alec Nove om den «moglege» sosialismen. Dei avgjorde Bojers sosialismesyn. Denne debatten kunne vore meir følgd opp i SV, der kva som var mogleg av sosialisme, etter mitt syn var kraftig underbelyst.

Noves bok The Politics of Feasible Socialism (1982) er berre eitt døme av fleire, der den britiske økonomen tek opp alle aspekt ved statsdirigert økonomi og freistar skissera marknadstilpassa, demokratiske sosialistiske alternativ. Bojer var aktiv på denne fronten i yngre år. Dette er så spanande at ho kunne fortalt oss meir her.

I alle fall: Her ligg det ei fascinerande idéhistorie som i dag nett er – historie. Hilde Bojer var ikkje berre med frå sidelina. Ho var aktivt med i denne storslegne, men også uhyggelege striden om plan og marknad, demokrati og despoti. Det gjer minneboka hennar både levande og særs leseverdig.

Bernt Hagtvet

Bernt Hagtvet er professor i statsvitskap og fast skribent i
Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis