JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Kvikt, lettliva og engasjert

Alle dikta i Samling. Dedikerte dikt har ei tydeleg retning, sjølv om dei ikkje trekkjer i same lei.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Erling Kittelsen debuterte i 1970 og har skrive dikt, fablar, romanar og gjendiktingar som han er prislønt for.

Foto: Studio Vest

3205
20230908
3205
20230908

Dikt

Erling Kittelsen:

Samling. Dedikerte dikt

Aschehoug

«Sola skinner et språk jeg ikke forstår», heiter det i eit dikt i Erling Kittelsen nye diktbok. Diktet ber tittelen «(til meg selv)». Utsegna er tvitydig, ho fangar ei framandkjensle, og samstundes er ho knytt til noko positivt, sjølve rytmen strekar under det. Eget gler seg over det ein ikkje veit sikkert. Det uforståelege blir ikkje til ei uoverstigeleg grense for eget, det referer til seg sjølv som «en avkrok hvor hele universet/ ikke lenger kan holdes utenfor».

Erling Kittelsen har sidan debuten i 1970 med Ville fugler skrive i dei fleste sjangrar, jamvel om han alltid verkar å utfordre konvensjonane som gjeld innanfor den bestemte sjangeren. Kittelsen søkjer seg til randsonene og utkantstadene, for derifrå å skape overraskande utsikter og innsikter.

Meir lettliva

Samling. Dedikerte dikt vil ein kanskje oppfatte som meir liketil, lettliva og streitare enn mykje Kittelsen har skrive tidlegare, men i botnen finn ein utan atterhald den engasjerte tilnærminga som går lik ein raud tråd gjennom heile den lange forfattarskapen.

Kittelsens poesi har alltid vigd seg – til her og no, til menneske, verda og røynda. Ja, også når poeten borar i dei fjerne opphavsmytane og tradisjonstekstane, slik han til dømes gjorde i Hun i 1989, der Voluspå var omdreiingspunktet, er verket tileigna samtidsmennesket.

Ulik komposisjon

Dikttitlane i boka, som rett nok er sette i avdempande parentesar, er tileigningar, «(til en ukjent)», «(til Sokrates)», «(til deg som har levd litt)». Ordet «til» seier noko om staden diktet rettar seg mot, gir diktet kurs, blinkar ut, kallar og framhevar. Slik får alle dikta i boka retning, sjølv om dei ikkje trekkjer i same lei.

Som følgje av at poeten grip ei rekkje ulike fenomen og typar, der både politikken og marknadsøkonomien får gjennomgå, tar han også i bruk eit stort og variert arsenal av komposisjonsformer.

Dei gjennomgåande korte dikta ein møter i den nye samlinga, kan som fabelen og myten falde ut ei minihistorie eller formulere seg som ei gåte.

Nokre av dikta aktiverer referansar til forfattarskapen eller til andre dikt i boka. Andre igjen veks fram gjennom parallellismar eller gjentek likskapar i versstrukturen. Poeten går heller ikkje av vegen for å lage enderim. Ofte svingar strofene seg i kvikke og nokså muntre rytmar, jamvel om dei kan bere fram spørsmål som er alvorlege nok: «Jeg er glad for alt/ jeg ikke dør av/ vil det si jeg elsker/ livet som det er».

Det eg likar med Samling. Dedikerte dikt, er at dikta heile tida betraktar språket og verda – iallfall slik desse trer fram i poesien – i ein tilstand i flyt og på veg. At Kittelsen har vore oppteken av opphavet, har mellom anna å gjere med at språket og verda kjem i berøring med kvarandre, utan å vere framme, alt er enno i ferd med å bli til. Dette vil dikta beskytte. At Kittelsens dikt ikkje nødvendigvis liknar på eller realiserer samtidspoesiens alvor, får heller vere. Jorda treng også å «bli klødd» litt.

Sindre Ekrheim

Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis