Bok
Krigshistorie med for mange vanlege folk
Det kjem ut for mange historiebøker som hevdar å seia noko nytt, særleg om den andre verdskrigen. Dessutan klipper og limer unge historikarar for mykje frå nettet.
Ei vakt viser veg for ein britisk familie under den andre verdskrigen.
Daniel Todman er professor ved Queen Mary University of London og spesialiserer seg på korleis minne om krig vert skapte og presenterte, om vi skal tru han sjølv. For oss andre er han historikar med fyrste og andre verdskrigen sett frå Storbritannia som spesialfelt. Han har gjeve ut to band om andre verdskrigen som dekkjer både førebuinga og etterkrigstida i tillegg til krigen sjølv.
Det fyrste bandet, som dekker tida frå 1937 til og med 1941, har eg ikkje lese. Det andre bandet dekkjer 1942–1947. På heimesida si hevdar Todman at dei to banda er den fyrste samla framstillinga av «militær, sosial, politisk og økonomisk historie om krigen». Ja, vi står altså andsynes endå ein brite som tener pengar på å skriva om dei to verdskrigane, og som påstår han har funne ei ny vinkling på det britiske favorittemaet.
Godt nok
Jau då, det andre bandet, som eg altså har lese, er etter dei fleste parameter godt. Boka har fått særs gode meldingar i britisk presse. Engelskmenn elskar å lesa om då dei vann.
Todman er ein roleg historikar, han leiter ikkje etter det ekstreme, og han kjem med fornuftige tolkingar. Ja, Churchill kunne nok ha gjort meir for å avverja hungersnauda i India, men vi lyt hugsa at nauda var skapt av Japan. 15 prosent av risen konsumert i India kom frå Burma i eit normalt år. Denne avlinga vart borte. Dessutan var britane altfor tynt strekte ut over heile imperiet. Om dei segla inn i det indiske havet med ein stor flåte, hadde også det fått konsekvensar. Storbritannia sende til dømes naudhjelp til Hellas, sjølv om det var tyskarane som hadde ansvaret for matsituasjonen der. Var det ei feilprioritering? Å kutta ned innsatsen i Europa var i røynda ikkje eit alternativ.
Dessutan fortel han faktisk, som mange veit, men få vågar skriva rett ut i dagens klima, at Bomber Command og det forferdelege dei heldt på med, var viktig når det eingong var slik at Tyskland skulle knekkjast. I det store og heile trekkjer han konklusjonar som er litt uventa frå ein såpass ung historikar. Før eg byrja, var eg redd for at han skulle vera ein av dei altfor mange politiske korrekte som les historia gjennom notidige briller. Det gjer ikkje Todman: Storbritannias innsats i andre verdskrigen var faktisk formidabel, og dei hadde ekstreme ressursar å setja inn, sjølv om dei som alle andre krigførande makter gjorde ei rekkje feil. Todman er særleg god på å forklara økonomien i det heile.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.