Krig og pubertet
Italo Calvino skildrar italienske partisanar før mytane tok overhand.
Italo Calvino vart fødd på Cuba i 1923 og døydde i Italia i 1985.
Foto: Wikipedia
Roman
Italo Calvino:
Stien med edderkoppredene
Solum/Bokvennen
På 1980-talet var Italo Calvino eit sentralt namn i den litterære debatten her til lands, den gongen postmodernisme og metafiksjon kom på dagsordenen, sosialrealismen tok kvelden og Hvis en reisende en vinternatt (på norsk 1985) opna for ein heilt annan refleksjon og praksis i det å skrive skjønnlitteratur.
Calvinos veg inn i litteraturen starta likevel i den italienske neorealismen som var den dominerande retninga frå tidleg 1940-tal og inn på 1950-talet, ideologisk forankra i kommunismen og inspirert av erfaringane til partisanrørsla. Debutromanen Stien med edderkoppredene frå 1947 har desse ingrediensane i rikt monn.
Filleproletariat
Romanen er bygd opp kring den foreldrelause gateguten Pin, ein tiåring som lever frå hand til munn, frå dag til dag i eit vertshus og i eit lite krypinn der søstera sel sex til både tyskarar og partisanar. Ein dag rappar han pistolen frå ein tyskar som driv på med søstera, og grev han ned ved stien med edderkoppreira, dit han trekker seg tilbake frå ein vanskeleg kvardag. Der blir pistolen liggjande fram til slutten av romanen.
Etter eit brutalt møte med tyske avhøyrsmetodar blir han tatt vare på av ei partisangruppe som opererer i nærområdet. Her får han igjen bruk for den frekke og rappkjefta oppførselen som har redda han tidlegare, og han blir ein underhaldande maskot blant desse partisanane som representerer eit tverrsnitt av motstandsrørsla med desertørar, kollaboratørar, ihuga kommunistar og dobbelagentar – sett med Calvinos auge eit filleproletariat med sympatiar i alle retningar.
Pin er ein unge i tidleg pubertet. Han spionerer på søstera, han spionerer på erotiske spenningar i partisangruppa, og alt han registrerer, bruker han hemningslaust i si eiga overleving. Han er eit barn som «lengter etter å bli holdt rundt og kjærtegnet» samtidig som «snille mennesker har alltid gjort Pin forlegen». Nærare Pin kjem vi ikkje gjennom Calvinos skildring, for Calvinos ærend er ikkje menneskeskildringa, men skildringa av eit kollektiv sett gjennom det prismet motstandsrørsla representerer.
Personleg erfaring
Calvino var sjølv med i motstandsrørsla frå 1943, og han har inngåande kunnskap om kva som hende før mytar og romantisering overtok formidlinga av krigshistoria slik ein også ser det her til lands, seinast med Baalsrud-filmen Den 12. mann.
I eit etterord eller forord til ei nyutgjeving i 1964 plasserer Calvino sin eigen debut i eit tvitydig og ambivalent lys der han les romanen «som et anonymt verk oppstått av tidsånden», og han seier vidare: «En skrevet bok vil aldri kunne veie opp for det jeg ødela ved å skrive den.»
Nå ja, den jamne lesaren skal vere glad for at Calvino skreiv denne romanen i ein alder av 23, nokså ulikt alt han seinare skreiv fram til han døde i 1985, det året Hvis en reisende en vinternatt var årets bok for mange norske lesarar.
Stien med edderkoppredene er omsett av Tommy Watz.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Den jamne lesaren skal vere glad for at Calvino skreiv denne romanen i ein alder av 23.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.