JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Krig og aldri fred

Farmors og farfars krig er ein velskriven biografi om krigsseglartraume og familieliv.

Bryllaupsbiletet til Alfhild og Einar Møllerhaug.

Foto: Privat / Vigmostad Bjørke

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4263
20240524
4263
20240524

Sakprosa

Nicholas H. Møllerhaug:

Farmors og farfars krig

Vigmostad & Bjørke

Andre verdskrigen synest å vere eit fruktbart tema for forfattaren og kunstnaren Nicholas H. Møllerhaug. Farmors og farfars krig er den andre biografien hans med krigen som bakteppe. Tidlegare har han skrive om den landssvikarstempla arkitekten Leif Grung. At han denne gongen skriv om den nære slekta, er ikkje til hinder for at boka har allmenn interesse og gir ny innsikt i krigshistorie og krigsseglarlagnad.

Eit par år før krigsutbrotet i 1940 tok farfar Einar Møllerhaug hyre som byssegut på fraktebåten «Utsire» av Haugesund, berre 16 år gammal. Han avanserte fort, og sjømannskapen leidde han til fjerne himmelstrok. I 1941 vart fleire norske kvalbåtar bygde om til minesveiparar ved Bombay (Mumbai) i India, der det også vart gitt militær opplæring. Einar fekk hyre på ein av minesveiparane og kom på den måten snart med i regulære krigshandlingar.

«Krigens gru og smerte forfølgde Einar vidare i livet.»

Frå bysse til torpedo

Frå 1943 tenestegjorde han på jagaren KNM «Stord» og tok del i mange særs farefulle og lagnadstunge oppdrag. Eskortering av handelskonvoiar til Murmansk utgjorde ein viktig del av tenesta. Mannskapet på «Stord» bidrog då det tyske slagskipet «Scharnhorst» vart senka ved Nordkapp i romjula 1943.

Aksjonen var noko av det mest dramatiske og grufulle Einar opplevde i krigsåra. Av eit mannskap på nesten 2000 mann om bord i «Scharnhorst» overlevde berre 36. Mange unge menn omkom på dramatisk vis i flammehavet den dagen. KNM «Stord» hadde også ein framskoten posisjon under den allierte landgangen i Normandie, som tok til 6. juni 1944 (D-dagen).

Slik hadde Einar Møllerhaug hamna midt oppe i krigens blodige og nådelause drama, utan vegar ut. Frå eit klaustrofobisk ammunisjons- og torpedorom på KNM «Stord» var lydane frå ubåtar, detonasjonar og fartøy som gjekk ned, grufulle. Som angstskrika frå dei mange døyande medmenneska var det, anten dei var ven eller fiende.

Rikt kjeldemateriale

Krigens gru og smerte forfølgde Einar vidare i livet, og det var på eit opprørt etterkrigshav dei vanskelegaste brottsjøane kom til å slå inn. Både for han og for kona, Alfhild. Dette er like mykje hennar historie som det er Einars, noko tittelen på boka så fint syner. Etter at Einar gjekk bort i 1998, var det ho som sat att med alle minna. Alle nettene han vakna av mareritt, og nervøsiteten som elles alltid låg rett under kvardagsytene, prega sjølvsagt også henne.

I arbeidet med boka har Møller granska både norske og utanlandske krigsarkiv, men den aller viktigaste kjelda er like fullt intervjua han gjennom fleire år gjorde med farmora heime på kjøkenet hennar. Samtalar med andre familiemedlemar, lokale krigshistorikarar og samtidige krigsseglaraugevitne fyller bra ut.

Nicolas Møllerhaug er forfattar og musikar.

Foto: Helge Skodvin

Når Møllerhaug i tillegg krydrar det heile med mellom anna utdrag frå telegramkorrespondansen mellom Stalin og Churchill, dei kjende talane til Churchill og krigsnyhende frå britiske aviser, er det eit breitt og sterkt teppe av kjelder han har vove. Kjeldelista gir dessutan mange gode peikarar til materiale lesaren sjølv kan søkje opp.

Viktig bok

Bakarst i boka står heile mannskapslista for KNM «Stord». I alt 431 personar frå mest heile landet tenestegjorde frå 26. august 1943 til 8. mai 1945. Farfar Einar Møllerhaug var ein av fleire som var med heile vegen. Det er sterk lesnad å sjå så mange namngjevne liv, og den lange lista er med på å synleggjere det store talet på unge nordmenn som deltok til havs i krigsåra. Somme kom ikkje heim, andre kom heim med ubotelege skadar.

Det kjem framleis ut ein heil del bøker om andre verdskrigen, og det skal mykje til for å skilje seg ut i mengda. Nicholas Møllerhaug kan i alle høve sitt stoff og sin journalistiske dramaturgi meir enn godt nok til klare det. Meisterleg skreiv han for nokre år sidan om arkitekt Grung, og meisterleg skriv han no om farmors og farfars utfordrande krigstraumesamliv.

Farmors og farfars krig framstår dessutan som ei viktig bok for alle dei som sjølve lever med traume i kvardagen, eller kjenner nokon som gjer det.

Per Roger Sandvik

Per Roger Sandvik er bibliotekar og frilansskribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Madame Nielsen har ei fortid som forfattaren Claus Beck Nielsen.

Foto: Pelikanen forlag

BokMeldingar

Apokalyptisk

Madame Nielsen leverer litteratur av sjeldan kvalitet.

Oddmund Hagen

Andrew Jackson var president i USA frå 1829 til 1837.

Foto via Wikimedia Commons

Ordskifte
Øyvind T. Gulliksen

Donald Trump og Andrew Jackson

Utruleg nok kan altså Trump, som no er dømd for kjeltringstrekar i stor skala, bli presidentkandidat for Det republikanske partiet.

Statsminister Jonas Gahr Støre på strategikonferansen til Arbeidarpartiet i november 2023.

Foto: Frederik Ringnes / NTB

Ordskifte
LarsKolbeinstveit

Svakt frå Agenda

At Ap gjer det dårleg, kan ha med heilt andre grunnar å gjere enn at folk vert meir opptekne av seg sjølve.

EssaySamfunn
Morten A. Strøksnes

iPad-bobla som brast

Samfunnet har nytta store ressursar på å digitalisere skolen. Grunnlaget var syltynt og har vore styrt av motetenking, gruppepress, framtidsangst og kommersielle interesser. No ser det ut til å snu.

Samfunn

Handlingsplanar til liten nytte?

Forskarar, tenkjetankar og byråkratar har produsert ei mengd rapportar og planar til hjelp for norske born og kvinner med minoritetsbakgrunn som er stranda i utlandet.

Ole JanLarsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis