Bok
Krake er tilbake
Det finst ein sjøorm i oss alle, om vi tar av ytterskalet.
Sarah Perry introduserer den velbrukte slangen som leiemotiv.Sarah Perry introduserer den velbrukte slangen som leiemotiv.
Foto: Jamie DreweFoto: Jamie Drewe
Roman
Vi er i London og omegn i 1893, tåka kjem og går på engelsk vis og skapar uhygge gjennom denne kritikarroste romanen av britiske Sarah Perry, Sjøormen i Essex. Innbyggjarane i den fiktive landsbyen Aldwinter har ei førestilling om at det finst ein sjøorm uti elva Blackwater. Når han tidvis blir «observert», med sine svarte venger og nebb, skjer det alltid noko katastrofalt, som dødsfall og forsvinning. Nokon må ha synda. Avlingar slår feil, høner legg ikkje egg, mjølka blir sur.
Tru og vitskap
Trass i uhygga er romanen ingen grøssar. Mest er det ei forteljing om kvardagen og venskapen til eit knippe menneske. I sentrum står Cora Seaborne, som forlèt London og drar ut på landsbygda etter å ha blitt enke. Med seg har ho sonen Francis og ei barnejente, Martha. Ein skjønar raskt at Cora og Martha under andre historiske høve kunne vore eit par, og Cora sjølv er «ukvinneleg», der ho går omkring i herreklede og med rufsete hår. Den naturvitskapeleg interesserte Cora innleier eit venskap med landsbypresten William Ransome, og romanen begynner på interessant vis å handle om tru versus vitskap, gjennom samtalane og brevvekslingane dei har. Når Will og Cora begge underleg nok ser eit skip som seglar over vassflata, kan ein tenke dette som eit teikn (om ein er ein einfaldig landsbybuar), eller som eit fata morgana skapt av vêrforhold (om ein er Cora). Dette kastar sjølvsagt òg lys over sjøormen – kva skapar førestellingane om ein sjøorm? Ei fryktsam, religiøs innstilling og mangel på opplysing? Men kan også ei naturvitskapleg innstilling ta knekken på all mystikk, som òg har ein verdi for mennesket?
Interessant galleri
Sarah Perry, som har doktorgrad i skriving, viklar historia si ut på ein spanande, men også litt flink måte. Ho introduserer den velbrukte slangen som leiemotiv, altså vesenet som i bibelsk forstand først bringa kunnskapen inn i verda. Båtnamna er lada, som «Leviatan» (sjøuhyret frå Jobs bok) og «Gracie», som kan assosierast til nåde. Perry skapar framdrifta i historia ved hjelp av «sveip»-metoden, som August Strindberg er sagt å «finne opp» i romanen Röda rummet, der ho sveipar over by og land i «eitt opptak», for å vise kva som skjer på dei ulike stadene. Nokre gongar framstår det originalt nok: «Tid ble sonet bak murene i Newgate-fengselet og kastet bort av filosofer på kafeer i Strand, den gikk tapt for dem som lengtet tilbake til fortiden, og ble avskydd av dem som ønsket at nåtiden var fortid.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.