Korleis røkte eit liv
Dikta skriv fram eit imponerande mangfaldig knippe med motiv.
Eli Fossdal Vaage skriv om livssamanhengar.
Foto: Thor Brødreskift
Dikt
Eli Fossdal Vaage:
Estalåni
Tiden 2019
Morsrolle, graviditet, barndom. Desse motiva kling kan hende velkjende, også etter kvart i lyrikken, som tradisjonelt har halde slike trivielle emne litt på avstand. Eli Fossdal Vaage debuterte med diktboka Hekla myter, som bora i slektskapsforhold og minte om slitet til formødrene, og der vona var å kunne finne seg ein eigen plass i den lange slektsrekkja.
Kjedereaksjon
Estalåni, som er systera sitt kallenamn på eget, dreiar seg på eitt nivå om morsrolla og graviditet, men Vaage sprenger seg or dette smale perspektivet, for her vert ein ført attende til eigen barndom og framover, inn i det moglege, men også usikre og farlege. Det iaugefallande ved Estalåni er korleis boka maktar å slynge ut eit heilt knippe med motiv, så å seie ut frå ei fysiologisk enkelthending, frå graviditeten, frå celledelingsfaktumet. Det er som ein kjedereaksjon, og boka materialiserer, i myriadane av motiv og former, ulike voksterprinsipp.
Diktsamlinga kan lesast inn i dei samanhengane som falda seg ut i Hekla myter, der det galdt å verte føydd inn i ein samanheng, men årets bok vender søkjelyset sterkare mot det individuelle, voksteren og risikoen for at noko kan gå gale. Det er også viktig å streke under at Estalåni skil seg stilistisk frå Hekla myter, mellom anna ved at dikta vekslar i tone og stil. Her finn ein nøkternt skildra tekstar blanda med munnleg forteljing, som her og der svingar seg i det lyriske registeret. Dikta dyrkar eit dempa uttrykk, ikkje nødvendigvis den djerve, smellande formuleringa: «Å søster, det er enkle ting eg snakkar om, varmt vatn/ er viktig, noko grønt; ord rimar på jord».
Forteljing
Vaages dikt inneheld eit moment av forteljing som er godt integrert i sjølve prosjektet, for dikta er opptekne av å peike på og røkte lina, livssamanhengane, som er så skjøre: «Kor mange fleire halar, haleliknande trekk/ å bli kvitt// for å få kroppen til å teia, mennesket til å ta over/ i menneska.»
Gjennom dikt som vekslar i stil og tone, som likevel held seg frå å trakke ut i det manierte og overdrivne, som peikar på røynda og menneskeverda, vert lesaren spora til å tenkje på kva omgrep som vokster og utvikling tyder, og på kva det vil seie å eige ei fortid, ei historie og ei framtid. Vaages dikt gir ei innsikt, men òg, merkeleg nok, ei kjensle av velvære.
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dikta er opptekne av å peike på og røkte lina, livssamanhengane, som er så skjøre.
Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.