Kor fjernt er nært?
Språkleg og psykologisk briljant om kor vanskeleg det er å sjå til botnen i ein annan.
Eline Lund Fjæren forskar inngåande på seksuelle og verbale relasjonar.
Foto: Isak Okkenhaug
Roman
Eline Lund Fjæren:
Forbruk i september
Oktober
Espen og Emilie er kollegaer i ei kulturell-intellektuell vekeavis. Han er litteraturmeldar, ho ein ung og lovande kulturjournalist. Etter ein fest ligg dei med kvarandre, til stor overrasking for iallfall Espen, som til liks med dei andre karane i redaksjonen ser på henne som uoppnåeleg.
I utakt med seg sjølv
I byrjinga er vi i Espens hovud, der han reflekterer over denne hendinga, over eigen person, og lurer på om denne unge kvinna kan fortsette å ha ein plass i livet hans. Men så snur perspektivet, vi ser tinga med Emilies auge, og vi skjønar at ho ikkje er (berre) slik andre ser henne. Ho har sine problem, og det går nedover med henne etter eit mislukka forsøk på å greie ein forlagsjobb. Den tidlegare kjærasten hennar har kalla henne «merkeleg», i tillegg er ho både redd og sint, men slit med å plassere og kanalisere desse kjenslene. Lenge har ho dessutan «ansett ikke-voldelig sex for å være passé og noe man nærmest måtte lide seg gjennom». Ho går også ut frå at det må vere slik at «Enhver kvinne er sitt eget oppussingsprosjekt». Det høyrest slitsamt ut. Ho er verken i takt med seg sjølv eller med forventningar andre har til henne.
Perspektiva vekslar utover i romanen, og også Espen viser seg frå andre sider. Særs elegant viser Eline Lund Fjæren i sin tredje roman det pirrande, men farefulle forholdet mellom den ein er og den ein gir seg ut for å vere: «Hun likte at han egentlig ikke kjente henne og derfor ble fascinert av henne, at hun kunne forsøke å se ut på en annen måte enn hun kjente seg.» Dette er ein luksus mange av oss har kjent på, inntil ein kjenner kvarandre for godt og ikkje slepp unna med noko som helst. Då må ein gå vidare til nye beitemarker, om ein skal legge all vekta på denne strategien.
Ingen eintydige svar
Romanen undersøker òg kva som skal til for å kome for tett på ein annan. Det handlar ikkje så mykje om fysisk nærvær, som om haldninga til samværet. Når Emilie tenker: «Hva om hun bare ble der, hos ham. Festet seg som en kjøkkenmagnet til overflatene i livet hans», anar vi uro. Det gjer Espen òg. (Skulle eg ha ei innvending mot denne romanen, måtte det vere at eg meiner det heiter «kjøleskapsmagnet».)
Eline Lund Fjæren forskar inngåande på seksuelle og verbale relasjonar, på forventningar ein har og trur andre har, og på evna til å definere seg sjølv slik at ein er i stand til å møte ein annan. Her er ingen eintydige svar, det er heller som om sjølve forskinga i romanform får stå som kunstverket. Det er eit utsnitt av tilværet, som lesaren får kikke inn i, som er tankevekkande, og som er språkleg og psykologisk briljant utført.
Ingvild Bræin er litteraturvitar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er som om sjølve forskinga i romanform får stå som kunstverket.
Fleire artiklar
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.
Ein mann med tomlar opp i ruinane i ein forstad sør i Beirut etter at fredsavtalen mellom Hizbollah og Israel vart gjeldande 27. november.
Foto: Mohammed Yassin / Reuters / NTB
Fredsavtale med biverknader
Avtalen mellom Israel og Libanon kan få vidtrekkjande konsekvensar.