JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Kolonimakt eller sjølv koloni?

Roar Løken spenner opp eit stort lerret over historia til slavehandelen, men blir uklår i spørsmålet om Noreg var ei kolonimakt eller sjølv ein koloni.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
T.v.: Slavemarknad i Nieuw Amsterdam – dagens New York. Nordmenn deltok òg i denne handelen, men under dansk eller, som her, nederlandsk herredøme. Gravering etter ein illustrasjon av Howard Pyle (utsnitt). T.h. boka Slaveri, kolonihandel og rasisme av Roar Løken.

6423
20240322
6423
20240322

Sakprosa

Roar Løken:

Slaveri, kolonihandel og rasisme. Virkningene for Norge

Solum Bokvennen

I Stortingsmelding nr. 15 (2008–2009) står dette: «I motsetning til verdens stormakter har Norge få store økonomiske og strategiske interesser globalt, og vi har ingen kolonial fortid.» Dette synet på norsk soge ligg til grunn for Noregs rolle som stormakt innan fred og konfliktløysing. Historieskriving er òg identitetsforming. Men var Noreg ein skuldlaus utkant i eit herskesjukt Europa gjennom hundreår med slavehandel og koloniutbyting?

Nei, seier Roar Løken, som i haust gav ut Slaveri, kolonihandel og rasisme. Virkningene for Norge. Det er ei bok på 506 sider og gjev eit omfattande bilete av Noreg og norsk kontakt med det som den gong heitte Vest- og Austindia. Eg blir overtydd av Løkens «nei», for nordmenn i Danmark-Noreg var å finne i alle delar av slave- og kolonihandelen, men samtidig får eg ikkje merkelappen «Noreg som kolonimakt» til å stemme.

Svart og kvit handel

I 2020 gav Roar Løken ut De dansk-norske tropekoloniene. På framsida ser vi eit skip på veg ut ei hamn. Slaveri, kolonihandel og rasisme har eit målarstykke på framsida som er veldig likt, men denne gongen kjem skuta inn i hamna. Det kan tolkast symbolsk: Løken kjem med utfyllande informasjon til den fyrste utgjevinga.

No blir dei lange liner dregne: Løken går til opphavet og til ukjende sider ved slavehandelen, til dømes får vi vita at det arabisk-muslimske slaveriet var like omfattande som europeisk handel med svarte menneske over Atlanterhavet. Løken viser undervegs til interessant ny forsking på feltet – om den utbreidde skikken med å kastrere mannlege slavar i arabiske land – og til ulike synspunkt hjå forskarar – med viktige namn som den senegalesiske Tidiane N’Diaye. Vi får òg høyre om den kvite slavehandelen, der Løken refererer til forskarar på heimebane, som Torbjørn Ødegaards bøker om Barbareskstatane i Nord-Afrika.

Kapittelet byd på overraskingar for dei som har eit svartkvitt-bilete av debatten. Muammar al-Gaddafi bad om orsaking for arabisk deltaking i afrikansk slavehandel i 2010, og vi får vita at jamvel urfolk i Amerika hadde svarte slavar.

Løken gjev òg perspektiv på den europeiske slavehandelen: «Ingen andre slavehandelnasjoner kan måle seg med Portugal. Omkring 47 % av slavene som ble fraktet over Atlanteren kom med portugisiske skip, til sammen meir enn 5,8 millioner mennesker.» Danmark-Noreg er minstemann på det europeiske synderegisteret: 111.040 slavar, 1 prosent av den totale slavehandelen.

«30 prosent av sjøfolket i den nederlandske orlogsflåten var nordmenn.»

Mange digresjonar

I påfylgjande kapittel spenner Løken opp eit panorama: kolonihandelen med Dansk Vestindia, øyane i Karibia og Trankebar i India. Løken går inn i alle fasettar av kolonihandelen og viser kor tett samanvovne dei var, slik at det ikkje er mogeleg å sjå slavehandelen som eit isolert fenomen: Nordmenn var med i produksjon av og handel med jarn, tømmer, vinkanner og kanonkuler, ja, liketil jarnomnar og så bortetter. Løken viser særleg korleis ei embetsmannsslekt kjend frå 1814, Anker, var involvert i vestindiafart, men nemner òg andre nordmenn i handelstrafikk og i koloniadministrasjon.

Den breie penselen til Løken fører til mange digresjonar, vi høyrer om opphavet til rom, grogg og punsj, historia bak omgrepet «linjeakevitt». Dei er interessante, men fører oss ofte langt av lei.

I dei siste kapitla – om slaveri, moral og rasisme – blir penselstroka for tynne og breie. Vi får servert det eine temaet etter det andre, på nokre sider kvar: barnesoldatar, raseskiljepolitikk i USA, jødeparagrafen, rasisme under covid-19-pandemien med meir. Her nemner han òg eit emne som er ein interessant parallell til den historiske slavedrifta, liveigenskap i Danmark, men det blir òg i stutte drag.

Den opne metoden gjeld også kjeldebruken, for Løken omtalar lesarinnlegg i aviser på lik line med tunge vitskaplege avhandlingar. Lesaren må altså ha eit kritisk blikk for kvar Løken hentar stoffet sitt frå, men boka rommar likevel eit imponerande kjeldemateriale for dei som vil setja seg inn i temaet.

Var Noreg kolonimakt?

Den nok mest interessante delen av boka er kapittel 4: «Var Norge en kolonimakt og en slavenasjon eller var landet selv en koloni?» Den nemnde opne metoden gjer spørsmålet vanskeleg å svara på, for Løken viser til alt frå seriøs forsking, NRK-sendingar og mastergradsoppgåver til ein seminarrapport frå Presteforeningen. Svaret finn han i eit nederlandsk kart frå 1662 – der står det skrive «Norvegia Regnum».

Løken konkluderer at «nederlenderne på denne tiden tilsynelatende så på Norge som noe for seg selv, selv om dette var midt under dansketiden». Løken kunne like gjerne ha referert til ei nederlandsk omsetjing frå 1652 av Olaus Magnus’ kjende verk om dei nordiske landa. I den nederlandske innleiinga til verket heiter det tvert imot at Danmark undertrykkjer nordmenn, ghelijck slaven, «likt slavar».

Så viser Løken til ein statsvitar som har jamført Danmark-Noreg med unionen mellom England og Skottland, og som meiner at Noreg her stod på lik fot som Skottland. Det finst truleg fleire argument imot enn for denne jamføringa. Eit døme er flagget i unionen, Union Jack, som er basert på ei sameining av det engelske og skotske flagget.

Nordmenn seglde nemleg ikkje under norsk flagg under kolonifarten. Dei seglde under dansk flagg – og i tillegg under andre lands flagg, særleg nederlandsk flagg. Som Løken skriv, var 30 prosent av sjøfolka i den nederlandske orlogsflåten nordmenn. Kolonimakta Nederland hadde ein større del av slavehandelen, om lag ein halv million slavar.

Debatten er hard i Nederland òg. Siste nytt der er at ei gate i Amsterdam ikkje lenger kan heite «Kryddernellikgata» på grunn av wokerørsla. Jamvel om det ikkje er slik Løken hevdar – at museum i Nederland, fylte med meisterverk av Rembrandt, er bygde på pengar frå slavehandelen – så er nederlandsk historie nær knytt til slavehandel.

Som stat har Noreg altså «ingen kolonial fortid», men som Roar Løken viser, var nordmenn utan tvil involverte i slavehandel, men då under dansk og nederlandsk kommando.

Ronny Spaans

Ronny Spaans er professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis