Bok

Klokkeklart forvirrande

Rune Salvesen skriv poengtert om kjønn, draumar, kvardag og barndommen som er som eit flugepapir på notida.

Rune Salvesen har skrive fleire bøker sidan romandebuten i 2005.
Rune Salvesen har skrive fleire bøker sidan romandebuten i 2005.
Publisert

Fillip reiser til barndomsheimen for å rydde ut etter at mor hans er død. Han er letta over at ho er borte, og gler seg til å selje huset for å kunne kjøpe seg litt fred og ro for familien med eit feriehus i Cannes. Han kan verke kjenslelaus som tenker slik, men det kjem etter kvart fram at det kan vere mora har gjort seg fortent til å ikkje bli så altfor djupt sakna.

Også på andre måtar er Fillip noko kjenslevridd, eller kjensleridd. Han omtalar kvinner som svake, tiltakslause vesen som gir opp med ein gong dei møter motstand. Gjerne før. Samstundes ber han, som assisterande avdelingssjukepleier, tre kvinnelege pleiarar over femti om å halde seg i bakgrunnen når ein vanskeleg pasient skal taklast, sjølv om dei slett ikkje har tenkt å melde seg ut. Seksuelt er Fillip ganske frampå, i praksis og fantasien, og hevdar: «Feminister tror at menn er fienden, bare fordi vi gjør ting slik naturen vil.» Samstundes er det jo slik, meiner han, at feministar meiner at dei uhemma skal få ta for seg av mannekroppen, mens dei strengt avgrensar tilgangen til sin eigen. Det heile er forvirrande og frustrerande. Kona Stine kallar han ein «jævla antifeminist», sjølv kallar han seg «avmaskulinisert».

Våre eigne rom

Det er interessant å sjå verda gjennom Fillips auge. Av og til fører kollisjonane kjønna imellom til spørsmål om kva for rom, og kor store eller små rom, menn og kvinner eigentleg har i omgangen med kvarandre. Ein kan velje å seie at «spørsmålet om kjønn er heilt irrelevant for meg», men ein kan ikkje velje det same på vegner av andre, verken på person- eller strukturnivå. Utan å psykologisere for mykje kan ein også forstå Fillip på bakgrunn av traume i barndommen. Ikkje alle haldningar blir til ut frå frie og upåverka val.

Romanen tar oss til både notida og barndommen hans, dermed blir han også ei historie om Stavanger frå 80-åra til i dag: «Det skal bygges nytt her også, slik denne byen alltid er i forandring, alltid er på jakt etter seg selv.» Salvesen viser oss eit Stavanger i rørsle mellom oljerikdom og meir nøkterne dagar, frå jappetid til krakk og sjølvmord. Frå gigantiske bygg som British Petroleum reiste, Telenor overtok og som i dag er flyktningmottak.

Treffsikkert

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement