JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Klassikarar med livets rett

Som om vi ikkje alt vassar i krimromanar, har Nasjonalbiblioteket, av alle, innleidd ein bokserie dei kallar «NBs krimklassikere».

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4592
20180406
4592
20180406

Kriminalromanar

Maurits Christopher Hansen:

Mordet på maskin-bygger Roolfsen

Hanna Winsnes:

Det første skritt

Olaf Bull:

Mitt navn er Knoph

Nasjonalbiblioteket

Her er føremålet ikkje i og for seg å gi oss endå fleire drap, men å ri på kriminteressa i den forstand at eit større publikum blir gjort kjende med opphavet til vår heimlege krimlitteratur. Derfor er også språket i desse pionerarbeida blitt betydeleg modernisert i nyutgåvene. Og dei tre første forfattarane dei har valt, er opplagde nok – sjølv om dei to siste har namna sine knytte til heilt andre utgivingar: Maurits Hansen (1794–1842), Hanna Winsnes (1789–1872) og Olaf Bull (1883–1933).

Mord utan lik

Mordet på maskinbygger Roolfsen kom først som føljetong i månadsskriftet Norske Læsefrugter i 1839 og låg føre i bokform året etter. Litteraturhistorisk sett er dette interessant fordi ein internasjonalt reknar Edgar Allan Poes Mordene i Rue Morgue frå 1841 som verdas første kriminalforteljing.

Forfattaren tek oss med tilbake til Kongsberg på 1700-talet. Der får assessor (ein slags dommar) Johannes Barth i oppgåve å finne ut kva som har hendt med maskinbyggjar Roolfsen, som har forsvunne, og som ein trur er blitt myrda. Problemet er berre at det finst ikkje noko lik.

Eit anna problem, av moralsk karakter, er at den hovudmistenkte er son av kvinna Barth har vore forlova med og framleis elskar. Men dette hevar han seg over og går laus på oppgåva med etterforskarens blikk. Barth er ein mann av opplysingstida og veit å ta i bruk det nyaste vitskapen kan bidra med. Til å løyse gåta koplar han inn apotekaren Lepin – krimlitteraturens første rettskjemikar. Slik bergar assessoren også sitt eige skinn, for i det klassedelte samfunnet han beveger seg i, er han ikkje det minste redd for å utfordre den sosiale eliten eller statsbyråkratiet i Oslo.

Patosfylt

Ettertida hugsar Hanna Winsnes for kokebøkene hennar, men under psevdonymet Hugo Schwar(t)z skreiv prestefrua meir enn eit dusin romanar og forteljingar, mellom andre Det første skritt (1844). Dette er ei historie om kjærleik og svik, drap og familieløyndommar – men meir ei forteljing om korleis ein mann utviklar seg til forbrytar enn om brotsverka han utfører, utan at vi kan tale om nemnande psykologisk djupn. Karakteristisk nok peikar tittelen på då vakre, men late og uærlege Ernst Mohr stel litt pengar frå ein onkel, og med det har teke sine første steg på forbrytarbana.

Her er ingen etterforskar, berre ein bror som vil hjelpe og som ønskjer å komme til botn i eit drap broren kan ha vore innblanda i. Elles gir boka eit interessant bilete av livet i det klassedelte Noreg tidleg på 1800-talet. Forfattaren lèt oss aldri vere i tvil om kva som er den rette moralen, og legg også inn sterkt patosfylte skildringar – i tidas ånd.

Pengenaud

Poeten Olaf Bull skreiv berre ein roman, dessverre. Mitt navn er Knoph skreiv han først i rein pengenaud, som føljetong i magasinet Hver 8. Dag i 1913 under psevdonymet Aliquis, men ikkje noko ved denne boka kan seiast å vere venstrehandsarbeid. Språkleg ligg han godt over det meste av krimlitteratur, og den unge «oppdageren» Hans Bleng er så moderne i hovudet at eg gjerne skulle sett meir av han. Han tek aldri ei sanning for ei sanning, han utviklar stadig nye teoriar etter kvart som dei førre må falle, han er som ein terrier, bit seg fast i saka lenge etter at kollegaane hans i Kristiania-politiet meiner at dei har funne svaret. Samstundes er boka ei fargerik skildring av miljøet i hovudstaden i tida før krigsutbrotet i 1914.

Det tek til som eit både sosialt og kriminelt mysterium: Korleis kunne direktør Sahle underslå ein stor pengesum og straks etterpå melde seg for politiet? Var forklaringa som han sa – pengar til ei elskarinne og deretter sterkt samvitsnag? Politi og domstol slår seg til ro med dette, men Bleng anar uråd. Rett nok skal det ta over eit år og fleire forkasta teoriar innan han finn svaret, men i løpet av den tida har forfattaren teke oss med på både mord og falskneri i mange former i ein velspikra intrige.

Til sist gjer boka reverens til Asbjørn Krag, den legendariske detektiven til Svein Elvestad, alias Stein Riverton. Men dersom utgivingane i denne serien skal følgje kronologien, er det grunn til å spørje kvifor Riverton-klassikaren Jernvognen frå 1909 ikkje er med.

Jan H. Landro

Jan H. Landro er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

­Poeten Olaf Bull skreiv berre ein roman, dess­verre.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis