Klassekamp i Tornedalen
Mikael Niemi løftar det lokale inn i det universelle.
Mikael Niemi er aktuell med boka Stein i Silke.
Foto: Anette Karlsen / NTB
Roman
Mikael Niemi:
Stein i silke
Omsett av Erik Krogstad
Forlaget Oktober
I Ådalen nær Sollefteå i Midt-Sverige blei fem arbeidarar drepne av militære 14. mai 1931. Ein fredeleg demonstrasjonsmarsj enda på verst mogleg vis, og bakgrunnen for tragedien var ein langvarig arbeidskonflikt der lønnsnedslag og organisert streikebryteri sette sinna i kok.
Lenger nord, i Pajala i Tornedalen på grensa til Finland, var det også alvorlege arbeidskonfliktar på 1930-talet. Det er ein slik arbeidskonflikt Mikael Niemi bruker som omdreiingspunkt for den vidfemnande Stein i silke, på svensk i fjor, på norsk i år. I området er det stor naud og fattigdom, og både kyrkja (det er Læstadius-land) og velfødde bønder har eit fast grep om både det åndelege og det materielle. Kontraktsarbeid er det vanlege, og den som byr minst, får jobben. Det er splitt og hersk, sett i system.
Slektssaga
Etter kvart får husmenn og lausarbeidarar nok. Dei organiserer seg og går til streik, motparten hentar inn streikebrytarar, og dette splittar familiar slik at bror står mot bror, far står mot son, hustru mot ektemake. Niemi eksemplifiserer dette gjennom familien Vanhakoski, den fattige husmannen Eino og den velståande broren Wilhelm, som har overtatt farsgarden utan å kjøpe ut Eino. Dette Kain og Abel-motivet trekker også teksten mot ein religiøs dimensjon, utan å overskygge den arbeidskonflikten som ligg i botnen.
Det er Einos familie som står sentralt, kona Saara og barna Algot, Martha og Lasse, men etter kvart blir det heile utvida til ein slektssaga som dekker hundre år frå 1920-talet og fram til 2017, da det blir funne beinrestar etter eit menneske i ei myr ved Pajala. Einos familie er spreidd for alle vindar, men eitt eller anna trekker Einos barnebarn David og oldebarnet Siw nordover til Tornedalen og dei røtene som finst att etter mange oppbrot. Dei synske evnene til Siw leier også fram til ei forklaring på beinrestane i myra.
«Stein i silke er stort tenkt og gjennomført på imponerande vis.»
Nakkegrep på lesaren
Med Fallvann (2013) og Koke bjørn (2019) enda ganske friskt i minnet, kjenner ein fort igjen Mikael Niemi si skriveklo, med ei eineståande evne til å skape dramatiske, handlingsmetta og fortetta spenningsscener som tar nakkegrep på lesaren. Men han kan også skildre landskap, skog og myrdrag, vatn og elver svært visuelt og poetisk, samtidig som han skildrar menneske med tankar og baktankar på godt og vondt. Han løftar det lokale inn i det universelle, og han slår også eit slag for språket i Tornedalen, tornedalsfinsk eller meänkieli, i nær slekt med finsk og kvensk og førstespråk til rundt 70.000 menneske.
Ingen blir drepne eller skadde under konflikten i Pajala i 1932, sjølv om streikebrytarane, rikkurit, væpnar seg og stemninga blir piska opp av nazistar og kommunistar frå kvar sin kant. Ein interessant detalj er at stiftaren av det svenske nazipartiet, Birger Furugård, var innom som agitator og medlemsvervar.
Stein i silke er stort tenkt og gjennomført på imponerande vis. Tilrådd!
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Stein i silke er stort tenkt og gjennomført på imponerande vis.
Fleire artiklar
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.
Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.
Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters
Høgt spel i New York
Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.
Frå markeringa av den internasjonale kvinnedagen i Oslo sentrum.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Bollestad sprer myter og faktafeil
Vi må skille mellom hva som skal løses av abortloven, og hva som skal løses andre steder.