Klassehat og maktvakuum
Morten Jentoft gjev oss eit skarpt blikk inn i Finlands nasjonale tragedie. Etter borgarkrigen i 1918 låg det att 37.000 døde.
Morten Jentoft har funne nye kjelder og uhyggjelege fotografi som gjer ei rå historieforteljing levande, meiner Bernt Hagtvet.
Foto: Gyldendal
Historie
Morten Jentoft:
Finland 1918. Den finske borgerkrigen og nordmennene som var vitne til den.
Gyldendal 2018
Finland er det store unntaket i nordisk historie. Storhertugdømet Finland var først i Europa med ålmenn røysterett i 1906. Tsar Nikolaj II vona å demma opp for revolusjonen. Folkeoppstanden i St. Petersburg i 1905 hadde nett truga det autokratiske styret hans.
Men det er fleire unntak her. Finland var djupare splitta sosialt, økonomisk og kulturelt enn dei nordiske naboane. Uoverstigelege klasseskilje i industri; jordlause småbønder versus jordeigarar; bitre sosiokulturelle språkkonfliktar mellom svensk og finsk, pluss den sårbare geopolitiske plasseringa mellom tre imperiemakter, Sverige, Russland og Tyskland; økonomisk depresjon og nasjonal reising – alt dette er element for å forstå tragedien som råka landet frå januar til mai 1918.
Blokkering
Den store grunnlovsreforma i 1906 var paradoksalt nok medverkande til borgarkrigen. Sosialdemokratane fekk 80 plassar i nasjonalforsamlinga, i 1916 fleirtalet.
Men sidan Finland ikkje var eit parlamentarisk demokrati, men underlagt tsaren, der samansetninga av regjeringa ikkje fylgde fleirtalet i folkerepresentasjonen, kom sosialistane ingen veg. Sosialistane møtte massiv motstand frå dei borgarlege då dei freista løysa det brennbare sosiale problemet med dei jordlause.
Denne avmakta gjorde sosialistane vonbrotne og la grunnen til sterke antiparlamentariske straumdrag. Legg så til gløden frå Lenins statskupp i 1917 og det faktumet at dei finske borgarlege ikkje hadde eigen valdsmakt, då hæren låg under Russland, så er det lettare å skjøna at dei raude såg på maktvakuumet som ein historisk sjanse.
Nasjonalismen
Det uforsonlege draget ved striden vart ytterlegare forsterka ved at dei raude vart sett på som Russlands leiesveinar. For dei kvite dreidde kampane seg difor også om landets sjølvstende.
Gløym heller ikkje at det stod mange russiske soldatar i landet. Dei rekna med at sosialistane ville stø ein oppstand. Klassehatet flamma, makta i parlamentet synte seg kraftlaust for dei raude. Til liks med det som skjedde i Spania hausten 1936, gjorde dei raude seg skuldige i mange valdsudådar i starten. Det gav dei kvite påskot til massiv hemn – valdsspiralen vart eit faktum.
Norske augevitne
Dette er nokre av dei bakanforliggjande årsakene til borgarkrigen. Jentoft gjer denne historia levande ved å følgja nordmenn som melde seg til teneste for Finland. Noreg sende to ambulansar (som dei også gjorde i den spanske borgarkrigen).
Ein kald marsdag i 1918 tok den norske legen Harald Natvig med seg kameraet sitt ut i den vesle bygda Länkipohja. Mange raude var tekne til fange i kampane om industribyen Tammerfors, som vart totalt øydelagd. Mange av fangane var som born å rekne, ned til 15–16-årsalderen.
Der vart Natvig vitne til ei regelrett avretting av fangar. Vi ser ein kvit offiser som går kring dei døyande og gjev dei nådeskotet medan frostrøyken enno står ut av munnviken.
«Borgerkrigens gru» sette Natvig som tittel på bileta som er attgjevne i boka.
Drap på kvinner
Omkring 300 raude vart skotne etter at dei hadde kapitulert i Tammerfors. Samla 2000 raude fell i kampane, 700 kvite. Etter krigen meiner Jentoft at 80.000 vart plasserte i leirar. 13.500 kom aldri levande ut.
Eg har sett lågare tal, men det er karakteristisk for borgarkrigar at ein aldri kan vite.
Omkring 400 kvinner på den raude sida vart avretta. Den seinare presidenten Uhro Kekkonen var med i eksekusjonspelotongar.
Umenneskeleggjering
Drap på fangar vart mønsteret i krigen, nett som i Spania to tiår seinare. Motstandaren vart definert som forbrytar utan rettar frå krigens lov. Hemn vart einerådande, motstandarane ikkje-menneske.
Natvig var saman med den seinare Gyldendal-direktøren, 24-årige Harald Grieg, som sende heim reportasjar med brei dokumentasjon til Tidens Tegn. Jentoft rakk òg å samtale med den 87 år gamle Lars Roine som var med som 18-åring i 1918.
Skuggen
Blandinga av arkiv, bilete og augevitneskildringar gjer boka til ein page turner. Dette er historisk journalistikk på sitt beste, kjeldebelagt og grunna på djupe arkivstudium. Biletmaterialet er eineståande.
Krigen la ein skugge over tilhøvet til Noreg. På venstresida var Mannerheim aldri noko anna enn «Slaktaren». Samarbeidet som Finland hadde med Nazi-Tyskland, kasta seinare nok ein skugge over tilhøvet.
Enda ein gong får boka oss til å spørja: Korleis kunne den finske nasjonen få samla seg til kamp i 1939 etter dette ulivsåret?
Jentoft har ytt eit fint bidrag til 100-årsmarkeringa av Finlands sjølvstende – eit samansett land vi diverre kan for lite om.
Bernt Hagtvet
Bernt Hagtvet er professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo og Bjørknes Høyskole og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dette er historisk journalistikk på det beste.
Fleire artiklar
Med jamne mellomrom legg Riksrevisjonen, her representert ved riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fram undersøkingar med nokså hard kritikk av korleis vedteken politikk vert gjennomført av forvaltinga.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Eit spørsmål om kontroll
I rapport etter rapport kritiserer Riksrevisjonen statlege institusjonar for feil og manglar. Men kva kjem det eigentleg ut av kritikken?
Odd Nordstoga slo gjennom som soloartist i 2004. No har han skrive sjølvbiografi.
Foto: Samlaget
Ein av oss
Odd Nordstoga skriv tankefullt om livet, ut frå rolla som folkekjær artist.
Stian Jenssen (t.v.) var alt på plass i Nato då Jens Stoltenberg tok til i jobben som generalsekretær i 2014. Dei neste ti åra skulle dei arbeide tett i lag. Her er dei fotograferte i Kongressen i Washington i januar i år.
Foto: Mandel Ngan / AFP / NTB
Nato-toppen som sa det han tenkte
Stian Jenssen fekk kritikk då han som stabssjef i Nato skisserte ei fredsløysing der Ukraina gjev opp territorium i byte mot Nato-medlemskap. – På eit tidspunkt må ein ta innover seg situasjonen på bakken, seier han.
President Joe Biden og visepresident Kamala Harris i august 2023. Den økonomiske politikken deira bidrog til å få ned arbeidsløysa, men inflasjonen som tok av i 2022, gjorde større inntrykk.
Foto: Evan Vucci / AP / NTB
Harris blir heimsøkt av inflasjonen
Kanskje vart presidentvalet i USA 2024 avgjort ved bensinpumpene og i matbutikkane.
Noreg er på tredjeplass i kokainbruk i Europa.
Foto: Beate Oma Dahle / NTB
– Meiningslaust å straffe sjuke
Ronny Rene Raveen, tidlegare politimann og rusmisbrukar, vil ha avkriminalisering av rusmisbrukarar og unge opp til 25 år.