Bok
Kjøtetande dikt
Protosjel er ei drivande diktbok med overtydande kvalitetar.
Maria Dorothea Schrattenholz er fødd i Bergen og debuterte som lyrikar i 2015.
Foto: Baard Henriksen
Maria Dorothea Schrattenholz vart i 2015 nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris for diktboka Atlaspunkt. Den andre diktboka hennar, Protosjel, står ikkje attende for debuten. I Protosjel finst ein markant energi, ein puls som pumpar fram linene, kombinert med ei sanseleg og ekspanderande biletskaping som grip tak i lesaren.
I dikta møter ein eit eg som er i ferd med å miste ein nær person, og dikta fokuserer på nedbrytingsprosessane og eget som prøver å vere nær og til stades. Som freistnad på å minimere tapet, konstruerer eget ein maskin som skal ta vare på sjela til denne personen.
I den siste seksjonen i boka, «Var», verkar det som det er denne sjela, frigjord frå den fysiske kroppen, som fører ordet og i korthogne diktsekvensar pendlar mellom minne og notida til den kroppslause sjela, som er fylt av sansingar av «hun»: «har hånd/ fordi forventning/ om hånd// kan ikke gripe/ er ugrepet»
Ånd og materie
Protosjel er ei slags filosofisk-sanseleg undersøking av eit klassisk filosofisk problemfelt, nemleg tilhøvet mellom ånda og materien, sjela og kroppen. Språket materialiserer seg også i eit liknande spenn: Her finst eit utal av vitskaplege og tekniske termar, slik som «kvantekrystall», «irridium», «orbitalbevegelse» og «fluks», føydde saman med, og forankra i, eit meir mjukt og daglegdags univers der mellom anna ein katt og etescener inngår. Maskinen som vert konstruert, vert kalla ein «sarkofag», og opphavleg tyder det greske ordet «kjøttetande».
Tap og lengt
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.