Bok

Jordboka skrapar i overflata

Boka om molda har viktige poeng, men går ikkje så djupt inn i stoffet som ein kunne ynskje.

Småbrukar og forfattar Dag Jørund Lønning vil at vi skal tenkje meir på kva jorda er i seg sjølv og mindre på kva vi får ut av henne.
Småbrukar og forfattar Dag Jørund Lønning vil at vi skal tenkje meir på kva jorda er i seg sjølv og mindre på kva vi får ut av henne.
Publisert

Dag Jørund Lønning, rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling og småbrukar, har brukt eit år på å grave seg ned. I jorda, molda, stoffet som avgjer om vi svelt eller veks, bur eller flyttar – utgangspunkt for poteter og plankar, bomullsbukser og bondebønner, soppturar og stølshus. Han har rett i ein viktig ting: Det er temmeleg rart, og så absolutt eit svakheitsteikn, at menneskeætta ikkje bryr seg meir om korleis matjorda vår heng saman.

Lønning vil vi skal tenkje meir på kva jorda er for seg sjølv, og mindre på kva som kjem ut av henne. Mindre på kva ho kan gje oss, meir på kva ho er for økosystemet.

Det er liten tvil om at jorda er ganske kompleks. 90–95 prosent av livet på jorda lever under jordoverflata. Jorda er ikkje den svarte, skumle døden vi i så vel mytologi som vitskap har vorte vane med å sjå henne som. Ho er stappfull av liv. Frå bakterien som ikkje er større enn ein mikrometer, til soppar som strekker hyfane sine over 10 kvadratkilometer.

Store delar av dette livet er ukjent for oss. Sjølv om vi har grave fram mellom 20.000 og 25.000 nematodeartar (nematodar er bitte små rundormar som lever i jorda), trur vi det samla artstalet er ein stad mellom ein og ti millionar. Truleg har vi ikkje oppdaga meir enn 1 prosent av alt livet som finst i jorda – og ein endå mindre del av det har vi noka aning om korleis fungerer. (Sopp, til dømes, veit vitskapen overraskande lite om.)

Spaninga ligg i detaljane

Livet i jorda er rett og slett enormt spanande. Og di meir detaljert det vert, di meir spanande vert det – å få lære akkurat kva mychorrhizaesoppen gjer i symbiose med røtene til kassavaplanta som gjer at avlinga aukar så kraftig, til dømes.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement