JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Jarnbur av plikter og rettar

Språkrådet har skrive ein rapport om korleis særleg minoritetsspråka våre har det i dag.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5669
20210820
5669
20210820

Sakprosa

Språkstatus. Språkpolitisk tilstandsrapport 2021

Språkrådet

Det finst ei karikaturteikning der folk slåst. Når ein forbipasserande spør korleis det går med revolusjonen, svarar ei av slåstkjempene: «Førebels slåst vi om korleis ordet skal stavast.»

Det er eit bilete på den norske språkstriden, som gjennom åra har vore like intens som diskusjonen om vi skal ha eit kjønnsliv i Noreg. Båe desse områda har difor vore strengt regulerte gjennom lover, og no i mars vedtok Stortinget den første heilskaplege språklova, med heile 22 paragrafar. Frå før av har vi eit eige språkråd som skal styrkja og fremja og vakta over norsk språk og nasjonale minoritetsspråk.

Det burde difor vera av interesse for mange når Språkrådet no, som oppfølging av den nye lova, har kome med ein språkpolitisk tilstandsrapport som er meint å vera «eit grunnlag for det vidare arbeidet til alle aktørar som har ansvar for å følgje opp den ’nye’ språkpolitikken i sine sektorar».

Ein slags «state of the union» for norske språk? Nei, ein «state of the disunion». Eigentleg handlar tilstandsrapporten først og fremst om dei norske minoritetsspråka. Typisk nok er rapporten skriven på nynorsk. Men utan at han ligg føre på nokon av dei andre minoritetsspråka.

Undertrykte språk

I Noreg er nemleg alle dei offisielle språka undertrykte minoritetsspråk. Ja, bortsett frå bokmål, som likevel sjølv er eit minoritetsspråk i verda, og då vert undertrykt av engelsk. Bokmål i sin tur undertrykkjer nynorsk; nordsamisk undertrykkjer dei andre samiske språka; bokmål og finsk undertrykkjer kvensk; alle språka undertrykkjer romani (taterspråk) og romanes (romspråk). Til slutt vert teiknspråk undertrykt av språka til dei høyrande.

All denne undertrykkinga skal i Noreg motarbeidast med lov i den eine handa og byråkrati i den andre. Noko som har gjort at det har vorte bygd eit jarnbur av eit språkbyråkrati, og har gjeve mange oppdrag til språksosiologar, som skal telja opp prosentar mellom språka, attgjevne i mange tabellar.

Dette er det tilstandsrapporten vil visa resultata av. Det vert gjort på detaljnivå ved å sjå på språktilhøva i ulike samfunnssektorar, etter det først er gjeve ei generell utgreiing. Der lærer vi at nynorsk eigentleg ikkje er eit minoritetsspråk, sjølv om det er ein minoritet samanlikna med bokmål. Derimot er det fire slag verkelege minoritetsspråk: norsk teiknspråk, urfolksspråk, nasjonale minoritetsspråk og til slutt nyare minoritetsspråk.

Ulike sektorar

Naturleg nok byrjar gjennomgangen av samfunnssektorane med skule og barnehage. Her går det fram at talet på nynorskelevar er i tilbakegang, i dag 11,6 prosent. Dessutan at talet på dei som får fritak frå sidemål i 10. årssteget, er heile 25,3 prosent. Og at det er «eit jamt sig av skulekrinsar som har gått over frå nynorsk til bokmål som skulemål».

Det ser heller ikkje ut til gå så bra med minoritetsspråka. Bortsett frå nordsamisk har alle minoritetsspråka få brukarar, noko som gjer det vanskeleg å gje opplæring i desse språka.

Det er særleg innanfor samfunnssektoren høgare utdanning at bokmål får spela rolla som eit minoritetsspråk. Her ser vi at engelsk tek meir og meir over i forskingspublikasjonar så vel som i mastergradar og høgare undervisning. Ikkje rart, ettersom forsking er eit internasjonalt samfunn.

På den andre sida er det sjølvsagt ikkje bra for norsk å liggja på etterskot når det gjeld å kunna kommunisera nye forskingsresultat. Men no er det laga noko som heiter «Termportalen», som skal utvikla norske termar til erstatning for dei engelske.

Uavhengig av dette får vi vita et det er laga eit bachelorstudium i noko som blir kalla «klarspråk». Studiet skal fremja eit ekte kommuniserande språk som maktar å tala forståeleg frå det offentlege til innbyggjarane. Noko ein skulle tru var sjølvsagt, men som mange har erfart er naudsynt. (Og tenk om tyske og franske filosofar hadde fått slik opplæring!)

Behovet for klarspråk gjeld òg dei to neste samfunnssektorane: arbeidsliv og stat og kommune. Særeige for arbeidslivet er språkproblem knytte til arbeidsinnvandringa. På farlege arbeidsplassar er eit fleirspråkleg miljø ei utfordring. Dette gjeld kan hende endå meir på samfunnssektoren helse. Import av helsearbeidarar som ikkje kan norsk, kan leia til livsfarlege situasjonar der pasient og lege ikkje skjønar kvarandre.

Språkbruk

Eit av dei lengste kapitla handlar om medium og kultur, eit område der språkbruk er heilt sentralt, til dømes i litteratur, aviser og teater. Der er det særleg sosiale medium og dataspel som utfordrar bruk av norsk språk.

Dei to siste kapitla handlar om korleis det går med dei språklege «byggjeklossane»: rettskrivingsnormene og ordbøker, men òg dokumentasjon av minoritetsspråka og språkteknologiske ressursar. Til slutt vert internasjonalt språksamarbeid gjennomgått.

Då har ein lesar, og særleg språkpolitikarar, fått mykje informasjon, som kan lett hentast ut av den digitale boka. Det eg saknar, er eit oppsummerande og konkluderande siste kapittel som oppfyller det kravet Churchill stilte til ekspertane sine: Hovudinnhaldet i kvar utgreiing må få plass på éi side. Til dømes: Kva meiner eigentleg Språkrådet om tilstanden til det norske språk? Vil nynorsk døy ut?

Språkrådet er elles flinke til å seia ifrå om anglofont jåleri, til dømes at det skulle heite OsloMet. Eg saknar tydelegare tilrådingar som politikarar kan velja mellom.

Arild Pedersen

Arild Pedersen er professor emeritus ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det eg saknar, er eit oppsummerande og konkluderande siste kapittel.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis