Ja og nei til gruppetenking
Så har vi fått endå ei moralistisk bok om Israel og Netanyahu.
Den israelske statsministeren Benjamin Netanyahu då han deltok i statstråd søndag.
Foto: Sebastian Schneier / Reuters / NTB scanpix
Sakprosa
Anshel Pfeffer:
Bibi. The Turbulent Life and Times of Benjamin Netanyahu
Hurst & Company 2018
Dei beste journalistane og historikarane er amoralske og kyniske. Ein god historikar eller journalist skal koma med plausible forklaringar på kvifor noko vert gjort og forklara kvifor det eventuelt fungerer eller ikkje. Og sidan ein òg bør gå ut frå at lesarane kan tenkja sjølv, kan ein trygt unngå moralisme. Eit Stalin-sitat for å illustrera: «Når éin mann døyr, er det ein tragedie. Døyr éin millionar, snakkar vi om statistikk.» Du skal vera lite gåverik om du ikkje forstår dei moralske implikasjonane av den utsegna.
Den israelske journalisten og biografen Anshel Pfeffer er ikkje der. Det er kanskje ikkje anna å venta sidan han både er The Economists Israel-korrespondent og sjefkommentar i Haaretz, to organ som dei siste åra har vorte særs moralistiske, og som i staden for å skildra verda som ho er, i stadige sterkare grad vil fortelja lesarane korleis ho burde vera.
Lat meg dvela ved eitt døme, sidan det er særs symptomatisk for skildringa av heile Benjamin Netanyahus politiske virke. Kor langt skal ein gå i å påverka åtferda til veljarane? Det er eit faktum verda over at veljarar har gruppeidentitet. Er du ung kvinne med utdanning i Noreg, røystar du i ni av ti tilfelle til venstre. Er du truande muslim, syner valdagsmålingane til Statistisk sentralbyrå (SSB), er du med i ei gruppe der åtte av ti røystar Arbeidarpartiet. Gjer partia noko med slik kunnskap her heime? Ja: Ap går frå dør til dør i Groruddalen og oppmodar muslimar til å møte opp ved valurnene. KrF i heimbygda mi har i alle år køyrt rundt på gamleheimane og henta eldre kvinner til vallokala sidan dei veit at særs mange av dei røystar KrF. SV har stand på alle høgskular og universitet.
Arabarane er ei gruppe
Det same gjeld i Israel. Sett vekk frå drusarane røystar ikkje arabarar på Likud. Arabarane røystar på dei arabiske partia og på parti som står langt til venstre. Dette er naturleg, arabarane er avhengige av den israelske velferdsstaten, og arabarane ynskjer at Israel minst skal trekkja seg attende til grensene frå før 1967.
Benjamin Netanyahu er den israelske politikaren som fyrst oppdaga kor banebrytande ny teknologi og databasar kunne vera. Han har som fast tradisjon innført at Likud auser på med SMS-ar til potensielle Likud-veljarar for å få dei til å møta opp og røysta. Likud-veljarane meiner noko heilt anna enn arabarane. Dei veit òg at om arabarane møter opp i vallokala, aukar det risikoen for at Netanyahu, eller Bibi, som han vert kalla, tapar valet. Om valet i 2015 skriv Pfeffer at Bibi låg langt etter på meiningsmålingane, og at valdagsmålinga synte at han kunne tapa valet. «Men Netanyahu leit på SMS-ar, Facebook og rasisme.»
I timane før lokala stengde, gjekk det ein straum av meldingar ut frå Likud om at det var rekordoppmøte i arabiske område, noko som var sant: «Oppmøtet er tre gonger så høgt i arabisk sektor.», «Hamas har oppmoda israelske arabarar om å røysta.» Og på Facebook-sida hans stod det: «Høgresida kan tapa makta, dei arabiske veljarane går i hopetal til vallokala.» Pfeffer konstaterer at strategien verka, og at Likud mobiliserte enormt dei siste timane og vann valet. Så kjem ei mengd sider og sitat om kor rasistisk det er å sjå på arabarane som gruppe før Pfeffer vedgår at Netanyahu sjølv ikkje er rasist, men nyttar rasisme for å vinna val. (Kan ein ikkje-rasist nytta rasisme utan å vera rasist?)
Gruppetenking
Sjølv har derimot Pfeffer gjennom heile boka skrive særs mykje om korleis ulike grupper i Israel røystar på Likud, særleg russarar, bureisarar og distriktsveljarar. Den einaste gruppa som ikkje kan sjåast på som éi gruppe, er altså arabarar. Denne moralistiske haldninga gjennomsyrer heile boka. Venene til Netanyahu og Netanyahu sjølv var sjølvsagt fullt ut klare over kvar Pfeffer stod før boka var skriven. Dei har difor ikkje stilt opp i det heile teke for Pfeffer, som heller ikkje har gjort noko særleg arkivarbeid. Han har stort sett nøgd seg med å skriva av aviser og medium som ikkje liker Netanyahu.
Kvar gong Netanyahu har møtt Pfeffer dei siste åra, har han presentert han som ein som skriv biografi om han, og sagt: «Han veit ikkje noko om meg og mine, og han kjem til presentera meg som ein karikatur.» Bibi fekk rett. Men Pfeffer viser faktisk at Netanyahu, i motsetnad til det venstreorienterte verda over har hevda, aldri oppmoda til drap på Yitzak Rabin. Dessutan har Pfeffer ein grei og nokså moralfri gjennomgang av førhistoria til staten Israel. Men boka inneheld ingenting nytt for dei av oss som har fylgt med på israelsk politikk.
Diverre ser det ut til å vera umogleg å skriva roleg, sindig og distansert om Israel. Men det visste vi frå før. Om Audun Lysbakken les denne boka, veit han kva han kan seia til Knut Arild Hareide neste gong KrF hentar kvinner på aldersheimen: «Du ser på eldre kvinner som éi gruppe. Fy!»
Jon Hustad
Jon Hustad er journalist i
Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Pfeffer viser faktisk at Netanyahu aldri oppmoda til drap på Yitzak Rabin.
Fleire artiklar
Jeffrey Wright spelar rolla som forfattaren Thelonious «Monk» Ellison.
Foto: Prime Video
Moro for middelklassen
Den er ikkje tung på labben, American Fiction, som gjer det veldig lett å le.
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
29 år gamle Jordan Bardella leier det franske høgrepopulistiske partiet Rassemblement National – som omsett til norsk vert Nasjonal samling. Det ligg an til å verte det største partiet i Frankrike ved EU-valet om ein månad. Biletet er frå eit valkampmøte i Perpignan, sør i Frankrike, 1. mai.
Foto: Manon Cruz / Reuters
Eit Europa i mørkare blått
Partia ytst til høgre ligg an til å styrkje stillinga si i Europaparlamentet ved valet om ein månad. Men dei kjem ikkje til å få stor politisk makt, ifølgje diplomat og forskar Sverre Jervell.