JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

IQ har noko å seia

Robert McNamara og Lyndon B. Johnson sende 350.000 soldatar med låg IQ til Vietnam. Det gjekk dårleg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6025
20181130
6025
20181130

Sakprosa

Hamilton Gregory:

McNamara’s Folly. The Use of Low-IQ Troops in the Vietnam War

Infinity Publishing, 2015

I august i 1968 byrja ein soldat «ein grotesk spøk som gjekk over fleire dagar» i militærleiren First Base Nancy i Vietnam, fortel troppssjef Robert Nylen i McNamara’s Folly. The Use of Low-IQ Troops in the Vietnam War plus the Induction of Unfit Men, Criminals, and Misfits. «Han var meinig i McNamaras ’pust og du er inne’-hær.» Det vil seia at soldaten hadde ein IQ på mellom 72 og 91, kanskje til og med lågare. Soldaten trekte ut splinten av ein granat og trilla han inn mellom andre soldatar, som fekk panikk og stupte til alle sider. Soldaten lo og fortalte at han hadde desarmert granaten. Han vart prylt av medsoldatane. Men han heldt fram og fekk meir pryl. Til slutt gjekk dei andre soldatane lei og ignorerte denne «McNamara’s moron» (idiot) og granaten han støtt kasta inn. Ein dag gløymde soldaten å desarmera granaten. To medsoldatar som hadde halde fram med å spela kort, døydde, fleire vart såra.

Soldaten var tilsynelatande heldig. Troppssjef Nylen fekk hindra at han vart sendt attende til USA og fengsel i ti år. Nylen gjorde soldaten til spissmann, det vil seia at han alltid gjekk fyrst i troppen, den farlegaste jobben i den amerikanske hæren i Vietnam. Andre soldatar med like låg IQ, og som så altfor ofte hadde det med å gjera dumme og livsfarlege ting, pla ofte berre forsvinne eller døy av «venleg eld». Ja, slike sjølvtekter var moralsk forkasteleg, men å senda personar med låg IQ ut i direkte krig var noko USA ikkje hadde gjort før, og det av gode grunner. Det var for farleg for alle partar.

Nok å taka av

Hamilton Gregory, som døydde for nokre månader sidan, var ein Vietnam-veteran, journalist og collegelærar som nytta mykje av tida etter at han kom heim frå Vietnam, på å dokumentera og fortelja om eit prosjekt som eg ikkje var klar over, nemleg at USA i ei utruleg grad sende menn med altfor dårlege kognitive evner til Vietnam, og det nær sagt utan grunn.

For var det noko USA ikkje mangla medan Vietnam-krigen gjekk føre seg, var det unge menn. Som i Europa fekk nemleg kvinnene i USA særs mange born i etterkrigsåra. Problemet var berre at borna ofte gjorde det godt. Velstanden i USA gjekk rett opp, og med det også talet på studentar som pla få utsett militærteneste. I tillegg bygde USA opp ein stor reservehær og eit heimevern, og stort sett alle som deltok i desse, slapp å fara til Vietnam, sidan dei «alt hadde tenestegjort». Og om det var slik at du hadde foreldre som kjende ein lækjar, vel, så gav denne lækjaren, særleg om han var mot krig, ein attest på at du ikkje hadde helse til å tene i Vietnam.

Men det var ingenting i det amerikanske lovverket som sa at dei som studerte eller var i heimevernet, ikkje kunne sendast til Vietnam. Men dei var ressurssterke, og dei hadde ressurssterke mødrer. Vart ein son kalla inn, byrja breva til den lokale kongressmannen eller senatoren å renna inn. Difor fann den svært så intelligente og liberale Lyndon B. Johnson ut at noko måtte gjerast då han trong endå fleire menn, og det som måtte gjerast, gjorde den endå meir liberale og intelligente Robert McNamara mogleg i Project 100.000: McNamara lova Johnson å skaffa 100.000 nye soldatar å senda til Vietnam, deretter 100.000 til og deretter 100.000 til. Til saman 354.000 personar med ein så låg IQ at dei ikkje hadde kvalifisert seg til nokon normal hær i Nato, vart sende til Vietnam. Og av dei i gruppa som vart sende, var mange svarte og kvite rednecks frå Sørstatane og Appalachane.

Vart åtvara

Leiinga i Pentagon åtvara McNamara på det sterkaste mot prosjektet. Alle dei amerikanske generalane hadde krigsrøynsle og visste kor kompleks krig er. Men dei tala for døyve øyre. McNamara var av ein eller annan grunn overtydd om at moderne pedagogiske verkty som til dømes video kunne kompensera for manglande kognitive evner. I tillegg hadde den store liberale sosiologen og seinare senatoren Daniel Patrick Moynihan i 1965 leverte rapporten The Negro Family: The Case For National Action. Moynihan og mange venstreorienterte med han meinte at hæren kunne lyfta opp IQ-svake fattige gjennom trening. Som den progressive politikaren han var, trudde McNamara altså på Moynihan: «Programmet vil frelsa 100.000 ungdomar frå fattigdom kvart år; fyrst gjennom to år i militæret, så gjennom eit produktivt liv i det sivile samfunnet», sa forsvarsministeren.

Det gjekk ikkje slik. Mortaliteten i Vietnam var tre gonger så høg for dei med låg IQ, og seinare granskingar har dokumentert at samanlikna med andre med like låg IQ, gjorde desse soldatane det like dårleg i det vanlege arbeidslivet. Det gjekk ikkje å læra opp «McNamaras idiotar», og skulda la McNamara og Moynihan på Forsvaret. Som James Webb – ein Vietnam-krigshelt og seinare senator – sa det: Det heile «var ein test på om dei som før hadde vorte avviste på kognitivt grunnlag, kunne fungera som soldatar. Då det vart oppdaga at det kunne dei ikkje, fekk forsvaret skulda.»

Boka til Gregory er ein skremmande dokumentasjon på kva særleg liberale politikarar kan finne på å gjera i si naive tru på at IQ er noko ein kan koma rundt, og at menneskesinnet er plastisk. Problemet er at boka nesten berre er dokumentasjon, og ikkje refleksjon. Når ein les kor dårleg dei med lågast IQ gjorde det i forsvaret, og kor vondt dei hadde det, burde det til dømes òg føra til tankar om kva vi gjer med dei kognitivt svakaste i skulevesenet. Men der er ikkje Gregory.

«Vi vart bedne om å læra opp dei som ikkje kunne lærast opp», var den vanlege klaginga til offiserane. Resultatet var at desse soldatane hadde ti gonger så mange stressutløyste psykiske lidingar som dei andre soldatane.

Liknande granskingar bør gjerast i det sivile samfunnet, til dømes på vidaregåande skular.

Jon Hustad

Jon Hustad er journalist
i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Leiinga i Pentagon åtvara McNamara på det sterkaste mot prosjektet.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis