Bok

Intenst og lysande

Linda Boström Knausgård skriv klokkeklart om tåkete livsorientering.

Linda Boström Knausgårds tredje roman er eit oppgjer med psykiatrien.
Linda Boström Knausgårds tredje roman er eit oppgjer med psykiatrien.
Publisert

Då eg var lita, kalla farmor mi vinmonopolet for «meieriet». Eg visste jo kva dei selde der, det var ikkje mjølk, men farmor trudde nok at denne omskrivinga skulle komme godt med om eg fortalde andre kvar vi hadde vore: «Jau, på meieriet.» Utruleg kor mykje tid ein skulle opphalde seg på meieriet, kunne nok andre tenke.

Ein skriv om namn for å skape distanse eller markere noko. For å skjule noko, for å fortrenge noko eller for å kritisere noko. I Linda Boström Knausgårds roman Oktoberbarn går psykiatrisk avdeling under nemninga «fabrikken». Å kalle behandling av menneske for ein fabrikk ligg det sjølvsagt kritikk i. Det er særleg ECT-behandlinga, tidlegare kalla elektrosjokk, som blir halden fram som overgrep mot ei svak pasientgruppe i Knausgårds bok.

Vegen til rettesnora

Hovudpersonen har mange likskapar med forfattaren sjølv: Ho er forfattar, skild frå forfattarmannen ho har fire barn med. Ho har ei historie med psykiske problem og innleggingar. Ho prøver å vere ei tryggare mor for barna sine enn hennar mor var for henne, men det går ikkje av seg sjølv. Det er vanskeleg å finne fotfeste i tilværet.

Ho ser både tilbake og framover, for å reflektere seg inn i ei slags leveleg notid. Det er mange spørsmål å stille seg: Korleis plassere seg sjølv i verda? Korleis plassere seg sjølv i ein identitet, eller ein identitet i seg sjølv? Korleis finn ein denne mykje omtala instansen rettesnora, som det blir hevda kjem innanfrå, og som skal guide ein i livet? Og korleis skal ein eigentleg klare å arbeide med alt dette, når ECT-behandlinga heile tida tar frå ein minnet?

Ærleg og trassig

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement