Inga kvinne er ei øy
Linda Skomakerstuen er ein underhaldningsmeister, men det kan bli i overkant rosenraudt på slutten.
Linda Skomakerstuen har skrive endå ein feelgood-krim.
Foto: Julie Pike
Roman
Linda Skomakerstuen:
Uten innkommende ordre
Gyldendal
Vilma er 34 år og bur heime på jenterommet hos foreldra etter eit havarert sambuarskap. Ho arbeider på ein hagemøbelfabrikk som ingen er særleg opptatt av å bestille noko frå, derav tittelen Uten innkommende ordre. Det meste står stille. Men når ho på ein fest inngår eit veddemål og må bu i telt på ei øy i seks veker, byrjar ting å skje.
Då debutromanen Uten vesentlige feil eller mangler kom i 2017, viste Linda Skomakerstuen seg som ein forfattar med sans for det hendingsrike. Som debutboka er også årets bok ein slags feelgoodkrim, der både eitt og fleire mysterium dannar bakgrunnen for ei actionmetta handling. Ikkje at det ligg til rette for all verdas dramatikk på vesle Stangholmen utanfor Risør, der Vilma slår opp teltet sitt. Men det held at ein mann med ei dotter plutseleg kjem og skal opne restauranten for sommaren, at noko har skjedd i fortida, og at det er Linda Skomakerstuen som skriv boka.
Trass i at nokon har forsynt seg grådig av det gode ho hadde i livet, er Vilma er ein likandes karakter, som både manglar impulskontroll og angrar djupt når denne mangelen går utover andre. Det går med andre ord litt opp og ned med Vilma. Dei andre karakterane, som mor, far og farfar, og dei som er knytte til restauranten på Stangholmen, er alle snurrige og originale. Dette klassiske typegalleriet er ein av faktorane som gjer romanen underhaldande, men personane blir aldri plakatar. Dei er kjøt og blod og skjebnar.
Ei danningsreise
Det er i grunnen lite ein kan seie om handlinga utan å røpe for mykje, men det kan nemnast at det skjer mystiske ting på andre sida av fjorden, og kanskje har det samanheng med den uadresserte konvolutten som Vilma ein dag fann i postkassa, og som inneheldt smykket til tvillingssøster til mor hennar – tvillingsøstera som forsvann for femti år sidan.
Forfattaren er ikkje like full av vittige replikkar som i debutboka, men ho har framleis nokre fine, treffande bilde: «Jeg legger handa mi over farfars, det er som å holde i en pose med klesklyper.»
At romanen er underhaldande, hindrar han ikkje i å bere meining. Uten innkommende ordre er ein danningsroman, der Vilma endar opp som ein annan person enn ho var i byrjinga. Først er ho ei som berre klarar å komme på fire punkt som kan stå på ei liste over fine ting i livet, og «to av dem kunne like gjerne stått på en liste over bedrøveligheter». Så veks ho, der ute på øya, med alt som skjer, og ho treng ikkje lenger eingong ei liste; dei fine tinga er rundt og i henne, dei er i auget som ser. Det handlar også om verdien av å bli sett: «Aldri før har noen spurt om jeg vil se soloppgangen. Ikke solnedgangen heller, eller noe annet som skjer i naturen utenfor hagen i Trekta.»
Litt for mykje lukke
Vilma hadde opphaveleg planar om å vere heime heile sommaren og lese bøker der alt går bra til slutt. Også denne romanen følgjer ein slik struktur. Det er noko reinsande og lettande med det, men ting kan bli så lettande at dei tar av. Slik Skomakerstuen leika seg med krimsjangeren i den førre boka, kan det hende ho leikar seg med den optimistiske delen av litteraturheimen her. Men det verkar ikkje riktig som ein parodi heller. Eg skulle heller ønske det hadde slutta der det stod: «Det hadde vært fint om det sluttet nå.»
Ingvild Bræin
Ingvild Bræin er litteraturvitar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

At romanen er underhaldande, hindrar han ikkje i å bere meining.
Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Foto: Universitetet i Bergen
Nord-Noreg ord for ord
Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.
Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.
Foto: Anja Bakken
Tru og tvil
Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?