Inga føling i fjæra
Øyehaug imponerer med det originale språkuniverset sitt.
Olav R. Øyehaug har gjeve ut bøker i kategorien forteljingar sidan debuten i 2008. I haust kom den første romanen.
Foto: Magne Sandnes
Roman
Olav R. Øyehaug:
Stupet og handa
Kolon
Så har også diabetikarane fått si bok. Det vil seie: Vi har alle fått diabetikarens bok. Ein mann vaknar i ei sjukehusseng etter sterk føling, og lett desorientert helsar han på ein sjukepleier han trur heiter Tansport. I ein draum, eller i ørska, har han kjent ei stor hand over seg ved eit stup på fjellet. Etter kvart legg han ut på ei ferd saman med ein naken mann for å stele insulin. Dei hamnar mellom anna i Afrika.
ØR i språksenteret
Frå dette forunderlege utgangspunktet blir det berre rarare og rarare, og det på kosteleg vis. Vi er i ei ubestemt framtid, utover det er det uråd å vite kvar vi skal, om vi er i ei draumeverd eller i koma, eller om vi skal forstå noko av dette som skjer som bilde på røyndomen. Men teksten er open nok til at vi kan avgjere det sjølve. Heilt sidan eg las opningssetninga i Olav Øyehaugs debutbok Kodane, «Ein morgon vaknar universet og føler seg nedtrykt», har eg hatt stor sans for korleis denne forfattaren er skrudd saman.
I årets roman Stupet og handa får vi høyre at «Selleri er den tenkande manns rabarbra». Ein kan bli sittande ei stund og grunne over den påstanden. Og ein kan humre over setninga: «Inne på eit kontor sit han og klappar ein augestikkar eg ikkje dreg kjensel på.» Hjernen får òg litt å arbeide med i utsegner som: «Han snakkar sånn raskt som ein gjer når ein skal forklare ein slaktegris alt om livet», og «Det er ein gruvsamt grov og hakkete barokk plan».
Ein kan bli svimmel i språksenteret og førestillingsevna av Øyehaugs språk. Som i oppløfta. Han smir setningane og bygger opp universet slik at vi sit med kjensla av at vi er blitt serverte litteratur, ikkje ein filmatisk avart av sjangeren der vi skal leve oss inn i ei 1:1-verd. Samstundes er romanen på ingen måte utilgjengeleg eller ekskluderande. Ein må berre velje å vere med på karusellen. Hoppar ein ikkje på den, kan ein nok bli ståande på utsida og myse lett forvirra mot den snurrige innretninga.
Forfattar og tastatur
Teksten er altså inga avspegling av korleis det er å ha diabetes, sjølv om dette utgjer ei slags rammeforteljing, og sikkert seier noko om det òg. Det er snarare ei avspegling av ein forfattars tilnærming til tastaturet sitt, sidan romanen med sin særeigne stil ber i seg ein eigen poetikk: Språket er byggesteinar i å utforske kva skjønnlitteratur kan vere når overraskande vendingar, påstandar, hendingar og dramaturgi er det drivande. Når ein merkar at forfattaren sjølv sit og smakar på og veg språket.
Eg kjem derfor ikkje til å påstå at romanen «handlar om noko». Ein kan bestemme seg for at han handlar om diabetes, om framtida, om grenselandet mellom draum og røyndom, om å miste bakkekontakten, om fantasi, men sjølv vel eg å seie at han handlar om seg sjølv, eller om korleis vi kan gripe an livet. Som menneske har vi mange ulike tuver å stå på når vi skal innta plassen for utsynet til røyndomen; blikket til Øyehaug kan vere presist som noko. Det er kaos, det er uoversiktleg, og det betyr noko. Det er det vi har.
Ingvild Bræin
Ingvild Bræin er forfattar, nordist og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.