JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Imperie­byggjaren

I 404 f.Kr. tapte Athen krigen mot Sparta, demokratiet vart avskaffa og makta overteken av ein junta, dei såkalla tretti tyrannane.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kyros’ grav er eit viktig symbol på det førislamske Iran og difor på landets kulturelle eigenart. Her har sjahens troppar teke oppstilling kring monumentet under feiringa av 2500-årsjubileet i 1971.

Foto: AP /NTB

4944
20220114
4944
20220114

Sakprosa

Xenofon:

Kyropedia – Den ideelle hersker

Til norsk ved Bente Lassen
Gyldendal

Etter eit år vart tyrannane styrta og demokratiet gjenoppretta, og ein reaksjon sette inn. Han råka også miljøet kring Sokrates, ikkje utan grunn. Sokrates tiltrekte seg unge aristokratar som gjerne kunne tenke seg eit anna styresett, og diskuterte alternativ med dei. Sjølv om han ikkje støtta tyrannane, fekk han folkemeininga mot seg i ein slik mon at han til slutt vart dømd til å drikke gift, mens mange av elevane hans drog i eksil.

Aristokratisk

Mellom dei var Xenofon, ein ung aristokrat med sans for filosofi, men òg for hestar, jakt og våpen. Han verva seg i hæren til ein persisk tronpretendent. Dei tapte det avgjerande slaget, men den greske leigehæren klarte å ta seg heilskinna heim gjennom fiendelandet. Xenofons mest kjende bok, Anabasis, er forteljinga om dette tilbaketoget.

Etter dette drog Xenofon til Sparta, der han gjorde karriere som yrkesoffiser og skaffa seg eit landgods der han kunne vere i fred og skrive bøker. Sparta var ein militærstat og hadde knapt noko intellektuelt liv, men var likevel viktig for athenske intellektuelle, for her fanst det eit reelt eksisterande aristokrati som prova at eit anna samfunn var mogleg. Sidan spartanarane sjølve ikkje skreiv noko, er den viktigaste kjelda til dette samfunnet Xenofons bok om statsforfatninga i Sparta.

Kyropedía er ein biografi over Kyros, grunnleggjaren av det persiske storriket. Tittelen tyder «Kyros’ oppseding», på gresk paideia, men det meste av boka handlar om Kyros’ bedrifter som vaksen. Det var Kyros som erobra Babylon i 539 og lét jødane vende heim frå det babylonske fangenskapet, og riket hans varte i to hundre år.

Retorisk

Xenofon skriv altså om ting som ligg meir enn 150 år tilbake i tid, og kjeldene var truleg skrale. Meir enn ein verkeleg biografi må dette lesast som eit verk om «den ideelle hersker», slik den norske utgåva har fått som tittel. Dette er dimed noko så moderne som ei handbok i leiing, som syner korleis den ideelle leiaren skal opptre. Den forteljande forma gjev rom for å utvikle idear om ulike emne, og i Kyropedia finn ein tankar om statskunst og krigskunst, leiarskap og retorikk, utan noka systematisk form.

Slik sett har verket mykje til sams med Platons dialogar, og som Platon nyttar Xenofon både talar og dialogar. Desse er ikkje historiske dokumente, dei fortel ikkje kva persarane sa for 150 år sidan, men uttrykker Xenofons eigne tankar og tolkingar. Her følgjer han i same spor som læremeisteren sin, historikaren Tukydid.

Difor kan vi også sjå at Xenofon lèt aktørane opptre og uttrykke seg som grekarar. Når kongen av Armenia forsøker å gjere seg uavhengig av persarane og vert teken til fange av Kyros, tek sonen hans ordet, og i ein lang dialog overtalar han Kyros til å la faren behalde ikkje berre livet, men også makta. Denne dialogen er ei retorisk oppvisning i kunsten å gjere ei dårleg sak god, slik dei greske sofistane på Xenofons tid var kjende for å vere ekspertar i.

Utopisk

Xenofon demoniserer ikkje persarane, men han syner heller ikkje nokon stor vilje til å setje seg inn i det framande ved kulturen deira. Det persiske samfunnet vert i staden framstilt som ein aristokratisk kasernestat etter mønster av Sparta, og persarane vert eit middel til å diskutere korleis staten bør leiast, til å halde fram sosiale ideal og allmenne moralske poeng.

Til dømes framhevar Xenofon at dei gamle persarane vann seg eit storrike fordi dei var nøysame og måtehaldne, mens derimot rike folkeslag som ikkje vil anna enn å nyte livet, kjem til å verte erobra av andre. Det er eit poeng vi også finn hos Herodot: Her er det grekarane som vinn fordi dei er eit hardbarka folkeferd, mens persarane tapar fordi dei er vortne korrupte og dekadente.

Xenofon står i byrjinga av ein tradisjon for å bruke skildringar av reiser og framande land som middel til å kritisere sitt eige samfunn. Det er ein tradisjon vi finn att i til dømes Thomas Mores Utopia, Montesqieus Persiske brev og Holbergs Niels Klim, og ikkje minst er Kyropedia eit viktig førebilete for Machiavellis Fyrsten.

Utmerkt omsetjing

Bente Lassen, som før har omsett historikarar som Josefus og Polybius, har gjort eit utmerkt arbeid denne gongen også, og eit viktig arbeid. Sjølvsagt finst det engelske omsetjingar ein kan ty til, men nordmenn er ikkje så gode i engelsk som dei trur. Sjølv om ein les moderne engelske tekstar utan problem, oppdagar ein at i omsetjingar legg det framande språket seg som eit ekstra filter mellom ein sjølv og originalen. For at klassiske bokverk skal kunne spele ei rolle i norsk kultur, treng vi dei på vårt eige språk.

Gjert Vestrheim

Gjert Vestrheim er professor i klassiske fag ved Universitetet i Bergen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Bente Lassen har gjort eit utmerkt arbeid denne gongen også.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.

Foto: Vegard Giskehaug

Meldingar
HeleneGuåker

Der mørkeret bur

Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis