JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Ikkje alltid eins å sjå

Når ein trudde den norske målstriden alt gjekk over støvelskafta, vadar Arnfinn Kolerud ut i ei endå striare elv.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Arnfinn Kolerud har fullført trilogien om Vassbygda på Nordvestlandet.

Foto: Per Eide

3548
20210604
3548
20210604

Roman

Arnfinn Kolerud:

Gamle menn i
syningom

Samlaget

Viss ein er ihuga nynorskforkjempar, snakkar ein ikkje gjerne med folk som heiter Else, for -else er jo ei forakta riksmålsending. I alle fall gjer ikkje Bendik Uføre, som vi kan kalle ein hovudperson i Arnfinn Koleruds elleville språkstridroman Gamle menn i syningom, det.

Romanen er den tredje boka i trilogien om Vassbygda på Nordvestlandet – den siste bygda i Norike som forsvarar nynorsken systematisk, og som gjer det med nebb og klør.

Kongeleg nynorsk

Ein dag ser Bendik Uføre og Enella Frø på fjernsynet at nokon har planta eit dansk flagg på taket av Slottet i Oslo. Denne provokasjonen skjer i et tid då Riksmålsforbundet og nynorskrørsla (ho finst òg spreidd rundt om i landet) ligg i konflikt på line med krig. Kongen er ein ambivalent kar som norsk konge med dansk bestefar, men han er til vanleg riksmålsbrukar. Han blir likevel slett ikkje glad over denne flaggterroren og svarar på hendinga med å uttale seg offentleg på nynorsk.

Bendik Uføre og Enella Frø frydar seg og tenker at no kan det vere håp for ei endring i språkbalansen i dette landet. Når kongen går føre!

Parallelt med at vi spent følgjer kongesporet, er vi også nysgjerrige på korleis det går med kunstprosjektet i Vassbygda, der fire store nynorskingar skal hoggast ut av fjellet, etter modell av dei amerikanske presidentane i Mount Rushmore. Og korleis blir det med det nynorske dataspelet som er under utklekking?

Romanen til Kolerud er både spennande og underhaldande, men først og fremst ein satire: boka (og trilogien) er eit vink, spark eller smil til den norske målstriden, til forholdet mellom by og land, og ei karikering av desse forholda.

Når nynorskingar som nemnt vegrar seg for å snakke med folk som heiter Else, og riksmålsfolk unngår å bruke bokstaven ‘a’ i det heile, ikkje berre som bøyingsendingar, er parodien tydeleg. Under kongemiddagen i starten av boka har Riksmålsforbundet hyra inn servitørar. To av dei heiter Maria og Lisa. På namnelappane deira skriv forbundet heller Marie og Lise.

Kulturhistorisk skrøne

Gamle menn i syningom er ein godmodig satire, ein skrøne, der ingen «går av med sigeren» til sist. Sjølv om ein kan tenke og tolke sitt. Her er rikt med formidling av – og hint til – nynorsk litteratur, kultur- og språkhistorie. Ikkje minst strør Kolerud om seg med Tarjei Vesaas-referansar, som kan vere ei morosam øving å oppdage for dei som har djupdykka i Vesaas’ univers.

Kolerud skriv med overskot og glimt i auget og med forløysande friske bilde: «Han ser opp pa° henne, om lag slik ein mann i badebukse ser opp pa° ei mørk sky.» Når det er snakk om den vekedaginndelte medisinboksen til Bendik Uføre, heiter det: «Dosetten ser ut som eit raudt, lite hotell med altfor mange gjestar pa° kvart rom og ingen gardiner.»

Midt oppi all leiken finst det òg ei påminning om at vi kan hende har godt av å sjå ting i perspektiv. Den norske målstriden får eksempelvis ikkje same tyngda når ein måler han mot vonde erfaringar enkelte av dei utanlandske steinhoggarane som bidreg i arbeidet med nynorskmonumentet, har. Og har ikkje riksmålsfolk, bokmålsfolk og nynorskfolk nytte av å gå saman mot engelskinvasjonen som går føre seg særleg blant dei yngre av oss? Jau. Det også.

Ingvild Bræin

Ingvild Bræin er forfattar, nordist og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kolerud skriv med overskot og glimt i auget og med forløysande friske bilde.

Emneknaggar

Fleire artiklar

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis