Ikkje akkurat plankekøyring
Erik Engblads roman om tømraren Jarle er heil ved.
Erik Engblad er litteraturvitar og gav ut sin første roman i 2014.
Foto: Oda Berby
Roman
Erik Engblad:
Situasjoner
Aschehoug
Fellesskapet er det vanskelegaste skapet å komme inn i. Det verkar så enkelt for somme. For hovudpersonen Jarle i Erik Engblads Situasjoner er det meir av eit faenskap. Tømraren Jarle og sambuaren Trine har flytta til ei laftehytte i skogen. Det lett forfalne huset treng omsorg, og det er det fleire som gjer. Ikkje berre barna Johanna og Joakim, fordi dei er barn, eller den utrøyttelege fiksaren Trine, men òg Jarle, som slit med å meistre sinnet sitt og alle flokane sine. Kven skal trøyste Knøttet?, for å seie det med Tove Jansson.
Jarle har eit pressa forhold til faren, noko som kjem godt fram under eit julebesøk. Faren kommenterer heile tida feil og manglar ved huset og hoppar over alt som minner om anerkjenning. Men han «kunne skifte toneleie som man skifter giret på en bil», og snakkar på ein lysare måte til Trine og barna, som dermed ikkje naudsynleg får med seg dei små stikka. Er det då Jarle som er paranoid, eller nærtakande? Julebesøket endar i ein utagerande episode som får Trine til å insistere på meditasjonskurs for Jarle, elles kan han reise.
Indre kampar
Erik Engblad har laga ei drivande, inderleg historie om ein liten familie i ein triviell kvardag med matpakker, skule og barnehage, jobb og arbeid på huset. Gjennom hovudpersonens auge ser vi korleis han opplever at alle dei andre har eit sjølvsagt fellesskap, mens han står på utsida og kikkar inn. Han lever på ein egg der han heile tida seier til seg sjølv: «Det kunne gå fint, alt trengte ikke gå til helvete.»
Engblad skriv godt fram dei små gnissingane, dei som nører opp under alt. Og alt det ikkje-spontane som skal til for å verke naturleg og overtydande: «Jeg forsøkte å mane fram handlekraft i stemmen.» I portrettet av Jarle og omgjevnadene får han også stilt spørsmålet: Kjensla av å komme til kort, får ein henne utan å bli gitt henne? Og kan ein bli like sint av «du kan om du vil»-utsegner og meditasjonskurs?
Det er elles sterkt å vere med i Jarles indre kamp når han «går i lås» og inst inne veit kva som er rett, men likevel ikkje kjem ut av floka utan å gjere vondt verre. Forfattaren teiknar eit presist bilde av reaksjonane dei andre har i møte med Jarle, som understrekar avstanden Jarle sjølv kjenner på. At dottera Johanna vekslar mellom å vere open og avvisande, vitnar om kor gjerne ho vil ha faren der, men kor redd ho på same tid er for at han skal bikke over.
God heilskap
Språkbilda er elegant samsvarande. Her finst ein kranglete elektrikar som legg seg opp i støytfangaren til Jarle. Ein stad står det at hovudpersonen helst vil vere i vater, altså tømraren. Og: «I starten hadde jeg møtt denne smalskuldra yogafilosofien med ei heller tilbakelent holdning.» Det er jo utsøkt.
Laftehytta sjølv blir ein parallell til forholdet mellom Trine og Jarle: skakt, forfalle, sjarmerande, vitalt, noko lar seg reparere, anna har det gått rote i. Huset har ei historie ein kan ta vare på, eller reise ifrå. I tillegg finst det ei anna hytte som har ein slags Soria Moria-funksjon i romanen: Ho er ein raud tråd i historia og eit sentralt element.
I det heile dveler Situasjoner rett nok ved situasjonar, men romanen er sydd saman til ein medrivande heilskap av ein forfattar med utstrekt sans for dramaturgi.
Om ein skal trekke ein lærdom ut av boka, så er livet så himla enkelt som dette: «Den man vil være, må man da for faen se til å bli.»
Ingvild Bræin
Ingvild Bræin er forfattar, nordist og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Engblad skriv godt fram dei små gnissingane som nører opp under alt.
Fleire artiklar
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.
Ein mann med tomlar opp i ruinane i ein forstad sør i Beirut etter at fredsavtalen mellom Hizbollah og Israel vart gjeldande 27. november.
Foto: Mohammed Yassin / Reuters / NTB
Fredsavtale med biverknader
Avtalen mellom Israel og Libanon kan få vidtrekkjande konsekvensar.