Ibsens verdshistoriske oppgjer med utopisme
Inge S. Kristiansens analyse av Kejser og Galilæer stør langt på veg Ibsens eige syn på verket.
Egil Eide som fyrst Julian, Ragna Wettergreen som fyrstinne Helena og Henrik Klausen som mystikaren Maximos i framsyninga på Nationaltheatret i 1903.
Alle foto frå Wikipedia
Sakprosa
Inge S. Kristiansen:
Den filosofiske ape.
Et essay om Henrik Ibsens Kejser og
Galilæer
Vidarforlaget
Vi har nett bak oss ei bokmesse i Frankfurt der norsk litteratur, kongeleg dekorert av kronprinsessa, har spela hovudrolla. Tyske aviser har panegyrisk rapportert om ein norsk litterær gullalder – om vi skal tru norske aviser.
Men vi som har vore heime og gått glipp av cocktailselskapa, kan i alle høve trøysta oss med at vi alt har hatt ein litterær gullalder i Noreg. Jau, av dei «fire store» er det rett nok berre Ibsen (som kunne fått Nobelprisen i litteratur saman med Bjørnson) som definitivt ikkje er gløymd etter «hundrede år», Hamsuns pessimistiske sperregrense.
Men sjølv om Ibsen ikkje er gløymd (det er nyss kome ut endå ein biografi om han, skriven av Sverre Mørkhagen), er det likevel ikkje slik at alt han har skrive, vert hugsa eller framført. Det gjeld særleg det største i omfang, dramaet Kejser og Galilæer, som Ibsen sjølv meinte var hovudverket hans. I det synet har Ibsen hamna i mindretal. Men så seier doktor Stockmann at mindretalet alltid har rett. Det kan vera grunn god nok til å sjå nærare på verket, sjølv om det tek ein heil dag å framføra – alt i alt ti akter. Men det kunne passa perfekt til ein TV-serie, heller det enn Game of Thrones.
Utanfor Noreg
No har Inge S. Kristiansen sett nærare på verket i eit bokessay med meir overkomeleg lengd (160 sider). Kejser og Galilæer stikk seg ut ved at det er det einaste hos Ibsen, saman med Catilina, der handlinga er lagd utanfor Noreg, i Romarriket, og i den viktige perioden då kristendomen endeleg vart hovudreligion. Difor er det treffande at Ibsen sjølv kallar det «et verdenshistorisk Skuespil», ei mogeleg forklaring på at han rekna det som eit hovudverk. Dramaet byggjer på historiske kjelder om keisar Julian (331–363), som søkjer å reversera utviklinga frå kristendom attende til heidensk keisardyrking, men som mislukkast og døyr under eit felttog mot persarane.
Kristiansen argumenterer mot ei tolking som seier at verket inneheld Ibsens positive teori om eit «tredje rike» der Julians freistnad på å vera eit guddommeleg maktmenneske («det første riket») og galilearens freistnad på å vera eit guddommeleg makteslaust menneske («det andre rike») smeltar saman. «Den tid er nær, da mennesket ikke behøver at dø for at leve som guder på jorden», seier Julians lærar, Maximos. Ibsen skulle altså vera ein tidleg Nietzsche med ei lære om overmennesket, og ein eintydig representant for ein optimistisk modernisme av det slaget kulturradikalarar som Brandes og marxistar står for. Forklaringa på denne mistydinga finn Kristiansen i eit generelt postulat om at Ibsen «er en modernismekritisk dikter som ser med dyp misbilligelse og uro på sin samtid, men som benytter seg av modernitetens hele retoriske repertoar for å fremme sitt budskap».
Tragikomisk
Snarare meiner Kristiansen verket viser at denne utopismen er tragikomisk og uttrykk for ei form for hybris, ei tru på at eit menneske har sterk nok evne og vilje til å kontrollere heile verda. For å underbyggja denne tolkinga følgjer Kristiansen Ibsens eiga tilråding: «Kun ved at opfatte og tilegne seg min samtlige produksjon som en sammenhængende kontinuerlig hélhet vil man modtage det tilsigtede, træffende indtryk af de enkelte dele.»
Dette har den ekstra føremonen for oss lesarar at vi ikkje berre får vera med på ei nærare lesing av Kejser og Galilæer, men vert tekne med på spanande krosslesingar gjennom andre Ibsen-drama og -dikt. Desse er fulle av slike tragikomiske utopistar som kolliderer med røyndomen. Til dømes Et Dukkehjem, som Kristiansen tolkar mindre som eit feministisk drama enn som eit drama der utopien om naiv lukke og «det vidunderlige» bryt saman i kontakt med røyndomen. Eller Byggmester Solness, der Hilde Wangel gjennom høgspent idealisme tvingar Solness til å styrta ned frå tårnet, og særleg Fru Inger til Østeraad og Gengangere. I det første finn vi ei gjentaking av Julians prosjekt når fru Inger set seg på ein tronstol som ei himmeldronning, etter å ha snudd vekk eit bilete av jomfru Maria, og seier: «Ha, ha – hvem sejrer, Gud eller jeg?» Utan å vera klar over at det er sin eigen son ho har fått drepe.
Målestokk
Kristiansen har gjeve boka tittelen Den filosofiske ape, noko som er litt krenkjande både for oss filosofar og for aper. Men det er ein metafor Ibsen sjølv brukar om Julian for å understreka diskrepansen mellom Julians eige sjølvbilete som filosof og måten omgjevnadene ser på han på. Her kan Kristiansen vise til både historiske kjelder og Ibsens lån frå Holberg, som Ibsen las mykje, særleg frå Philosophus udi egen Indbildning, der motsetninga mellom det ytre og det indre hos filosofen vert understreka med apemetaforar.
Difor er denne boka til Kristiansen langt på veg eit forsvar for Ibsens eiga vurdering av Kejser og Galilæer: at det er hovudverket hans, ettersom hovudtemaet her er så gjennomgåande til stades også i dei andre dramaa hans.
Boka inneheld mykje kunnskap både om verdshistorie og om Ibsens eiga samtid. Ho er skriven utan kunstferdig terminologi, som postmoderne litteraturvitskap diverre er plaga av. Ho medverkar til å halda oppe Ibsen som målestokk, noko vi treng midt oppi alt snakket om ein gullalder i dag.
Arild Pedersen
Arild Pedersen er professor emeritus ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kristiansen har gjeve boka tittelen Den filosofiske ape, noko som er litt krenkjande både for oss filosofar og for aper.
Fleire artiklar
Sunniva M. Roligheten debuterte som romanforfattar i 2022. Boka som kjem ut no, har ho skrive saman med Daniel A. Wilondja.
Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss
Orda mellom oss
Sunniva M. Roligheten, Daniel A. Wilondja og Google Translate har saman skrive ein fascinerande tekstkollasj.
Teikning: May LInn Clement
«Blokk har vore nytta om stabben folk vart halshogne på.»
Med jamne mellomrom legg Riksrevisjonen, her representert ved riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fram undersøkingar med nokså hard kritikk av korleis vedteken politikk vert gjennomført av forvaltinga.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Eit spørsmål om kontroll
I rapport etter rapport kritiserer Riksrevisjonen statlege institusjonar for feil og manglar. Men kva kjem det eigentleg ut av kritikken?
Odd Nordstoga slo gjennom som soloartist i 2004. No har han skrive sjølvbiografi.
Foto: Samlaget
Ein av oss
Odd Nordstoga skriv tankefullt om livet, ut frå rolla som folkekjær artist.
Stian Jenssen (t.v.) var alt på plass i Nato då Jens Stoltenberg tok til i jobben som generalsekretær i 2014. Dei neste ti åra skulle dei arbeide tett i lag. Her er dei fotograferte i Kongressen i Washington i januar i år.
Foto: Mandel Ngan / AFP / NTB
Nato-toppen som sa det han tenkte
Stian Jenssen fekk kritikk då han som stabssjef i Nato skisserte ei fredsløysing der Ukraina gjev opp territorium i byte mot Nato-medlemskap. – På eit tidspunkt må ein ta innover seg situasjonen på bakken, seier han.