I vindstilla
Romanen til Mads Rage byr på uoversiktlege forhold på fjorden, ikkje utan grunn.
Debutforfattar Mads Rage er utdanna ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og Universi- tetet i Bergen.
Foto: Marie Sjøvold
Roman
Mads Rage:
Og skipet siglar vidare
Samlaget
Det er ein lang tradisjon for å skildre tilværet, kloden eller menneskeætta som eit skip. Ein kan tenke på Joseph Conrads Lord Jim, Jens Bjørneboes Haiene eller Gaute Heivolls Kongens hjerte. I Mads Rages debutroman Og skipet siglar vidare er vi i ei ubestemt framtid, der mannskapet om bord ikkje ser ut til å vite om noko anna enn verda på skipet. Men dei har høyrt at det i tidlegare tider har vore digre udyr i fjorden, dei har bøker om bord, og dei veit at dei alle til sist skal «fare i blåheimen». Dei har altså både mytologi, kultur og dødsmedvit.
Kunsten overlever
Vi ser ferda og mannskapet gjennom auga til den svabrande dekksguten Poll. Ebba, Vik, Jakk, Alis, doktoren og kapteinen har andre roller, men dei gjer ikkje så mykje utover oppgåva si. Av og til et dei dårleg fisk. Ein etter ein blir dei sjuke, og nokre døyr, sjølv om doktoren stadig kokar medisin. Dei døde blir pakka inn i fiskeskinn, med ei bok sydd inn i fiskeskinnet, og kasta over bord.
Poll oppdagar kista der bøkene ligg, og dei lokkar han. Dei skal ikkje brukast til anna enn reisefølgje til dei som er «farne i blåheimen», men Poll lurer unna ei bok. Han er ikkje lesekyndig, men blir fengsla av dei framande teikna. Dette kan seie noko om kunst eller kultur som overlever gjennom tidene: Poll lærer seg teikna, og mot slutten, då det ikkje står så godt til på skipet, og bøkene i kista er borte, skriv han dei ned igjen på fiskeskinn. Kanskje når bodskapen ei etterslekt, kan ein lesar tenke.
Det retningslause livet
Trass i dei trugande forholda mannskapet lever under, er verda deira snever og personane liksom kvar si øy, og det skjer lite på handlingsplanet. Det er kan hende meininga. Skipet seglar inn i eit vindstille varmebelte, det er umogeleg å seie når eller om dei skal kome vidare. Som bilde på det retningslause livet, eller livet der vi på postapokalyptisk vis ikkje lenger kjenner noko anna enn akkurat det vi har rundt oss no, er romanen konsistent i form og innhald.
Språket er fortetta og kling godt, men krinsar også mykje om seg sjølv, utforskar sin eigen klang, og blir dermed enda ein «aktør» som trekker merksemda vekk frå handlingsplanet, og seier «Det er her i språket det er rørsle, det er her vi kjem framover». Det kan kjennest krevjande til tider, på ei anna side har det nok vore det for Rage òg – han har ikkje valt minste motstands veg.
Innimellom trekker han likevel linjer frå livet om bord til universelle samanhengar, som i den bibelske utsegna: «Dette her, det seier eg deg, er ikkje noko verre enn det som har vore», kanskje som ein kommentar til at ting gjentar seg i verdshistoria. Eit miljøperspektiv finst i refleksjonen om forskjellen på eit lite hol i skroget (kloden, om ein vil) og større hol: «Men om det byrjar å rivna på riktig mange stader, vert det etter kvart umogleg å unngå at skipet går ned.»
Er vi i eit vindstille varmebelte no, i vår epoke av historia? Ser vi mest vår eigen nasetipp? Ein skal ikkje tenke altfor ein-til-ein om kvar vesle ting, sjølv om ein må kalle debutromanen til Mads Rage ein allegori. Men det lar seg gjere.
Ingvild Bræin
Ingvild Bræin er litteraturvitar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ein må kalle
debutromanen til Mads Rage ein allegori.
Fleire artiklar
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Foto: Hatem Khaled / NTB
Krasnik og eg
Dei som følger debatten, kan sjå to ulike haldningar til Israel og Palestina utfalde seg.