Bok

I det kravlaust vene

Torvunds dikt inkorporerer uroa og mørket i ei bok for alle.

Helge Torvund.
Helge Torvund.
Publisert

Tittelen på Helge Torvunds nyaste diktbok, Liljevilje, høyrest lettfota ut. Men så er det dette med viljen, som syner til noko uthaldande og insisterande. Når ein kallar eksistensmodusen til blomane vegetativ, så syner jo det til noko umedvite og passivt. Korleis kan liljene då berre vekse og skape noko som er så kravlaust vent?

Hos Torvund handlar det ikkje berre om lilja i og for seg sjølv, det handlar om «det me kallar lilje», om verda slik ho trer fram for oss og inngår i ei utveksling, anten det er med naturen, med augeblikket, historia, kunsten. At ei rekkje dikt er tileigna eller refererer til ulike kunstnarar og verka deira, demonstrerer at omgivnadane våre heller ikkje er gjevne storleikar, men støtt vert utsette for undring og blikk som ønskjer å sjå og forstå, eller «som kunne sjå det som ennå ikkje var skapt», slik det heiter i det siste diktet i boka, eit dødsdikt.

Variasjon

Det er stort spenn og variasjon i desse dikta, som likevel samlar seg og siktar seg inn med ytste presisjon. Det eg særleg kjenner, er at Torvund inkorporerer dei store motsetnadane, ja, dei femnar om alt dette i oss som gjer at me ikkje er motseiingsfrie, logiske system, men fulle av lyter, mørke og uro – og difor menneskelege vesen. Og det dikta då gjer, er ikkje å halde fram innover – dei vender seg tvert om utover, mot verda, anten til eit tre, ein kinesisk poet eller ein skulptur av Henry Moore.

Mangfaldig går Torvund til verks, dikta kan vere mange stader, på mange nivå, dei kan stille seg inn på eit prosaisk register i eit dikt: «I all openbar gru/ i rå brutalitet// er me/ her/ kor også det milde kjem/ mot/ oss». Veksle til det poetiske, det skulpturelle, eller røre seg mot det stoiske og bibelske i eit anna: «Me må gå for å møte denne mørke engelen». Slik freistar ikkje det poetiske trykket og uttrykket å herleggjere eller pynta på eksistensen, men heller gjere han mogleg ved å vise fram poesiens moglegheiter i ein menneskeleg horisont, med vona om at ein då skal vere «heime/ ikkje berre i hytte eller hus/ men i heile landskapet».

Alle og ein

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement