Bok

Høgt og lågt i Oslo og kulturen

Dikta til Farestad, som har ein lett og livat diksjon og ikkje nektar seg enderim, slentrar og snublar over ting å gruble over.

Ulik Farestad debuterte i 2013. Årets diktsamling er hans tredje.
Ulik Farestad debuterte i 2013. Årets diktsamling er hans tredje.
Publisert

En hvithai i Venezia er sterkt forankra i geografien i Oslo. Dikta rører seg frå Olaf Ryes plass til Gråbeinsletta, frå Sagene til Vaterland. I tillegg finst eit historisk og europeisk medvit som bryt gjennom og vev seg inn i dikta.

Kvardag

Dette fører lesaren ut i verda og inn i historia, til europeiske byar og til den store kunsten. I dikta til poeten møter den opphøgde kunsten det moderne livets mørke og urbane labyrintar. Dermed blir nye svingar og krokar plussa på ferda, og poeten risikerer å komme for seint, noko han er medviten om: «men vi har tid nok/ her i forsinkelsen,/ tid til å utebli sammen,// tid til å dikte.»

Like lett som dikta syner til den såkalla evige kunsten, jublar dei over det låge og mindre verdfulle, over pulverkaffi og glorete barneleiker, slik det eksplisitt vert uttrykt i diktet «Apologi for det ufullkomne».

Men kanskje er forsvaret for kvardagsgjenstandane, for «flatfyll» og «bensin», grunnlaget for at desse polane held oppe kunsthierarkiet, jamvel om det ikkje er nostalgisk lengt som ber dikta.

Likevel er dikta tyngde av kunst- og kulturreferansar, som romersk mytologi, den greske poeten Arkhilokhos, Vergils Æneiden eller eit målarstykke av Jacopo Tintoretto. Kanskje er det slik som det står i «Tørkeloft», at det lyriske eget dultar «borti (...) en gud med stive ledd og duehjerte/ som våkner knirkende til liv og harker,/ og vil forsikre meg at høyere/ enn dette kommer min bevissthet ikke».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement