JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Helst ikkje forandra. Berre bevara.

Røe Isaksen gjev god innføring i konservatisme som ein teorifri teori. Men vegen til Høgres program er lang. Kortare til Sp.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
 Torbjørn Røe Isaksen var bråmoden, flink og ein likandes kar. No er han arbeids- og sosialminister.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

5705
20210806
5705
20210806

Saksprosa

Torbjørn Røe Isaksen

Hva er konservatisme?

Universitetsforlaget

Enkelte får til meir enn andre. 43 år gamal har Røe Isaksen vore mellom anna leiar i Unge Høgre (2004–08), redaktør i Minerva (2008–09), stortingsrepresentant (2009–17), kunnskapsminister (2013–18), næringsminister (2018–20) og arbeids- og sosialminister (2020–21). Oppi alt dette har han tatt ein mastergrad i statsvitskap, gjeve ut fleire bøker, gifta seg og fått tre barn. Ein gong, i 2007, vart han kåra av VG til å vera Noregs største unge politiske talent. Ikkje rart: Han var bråmoden, flink og ein likandes kar.

Men frå i haust av er det slutt? Han ville ikkje nominerast til Stortinget, og valprognosane tyder ikkje på utsikter til nye ministerpostar for høgrefolk. Kvifor trekkja seg så lenge før pensjonsalderen? Av di Erna ikkje vil trekkja seg?

No har han likevel komme med ei ny bok som kan tolkast tvitydig. Hegel sa at Minervas ugle (redaktør) tar til vengene om kvelden, og med det meinte han at det er først når alt er over, at vi skjøner det. Altså at denne boka om konservatisme er ei avsluttande oppsummering gjort på Røe Isaksens kveld som politikar? Men boka kan sjølvsagt òg vera ein plattform for ei framtidig atterkomst. Som en kommande frelsar. Det overkommelege formatet, berre 160 sider, gjer at boka er leseleg for travle Høgre-kadrar og veljarar: ei slags Røe Isaksens «lille blå».

To høgre

Som vi veit har Høgre to fløyer: dei marknadsliberale og dei (verdi)konservative. Røe Isaksen kjem frå ein lærarfamilie, og altså ikkje frå næringslivsfolk, slik at det ikkje er overraskande at han er (verdi)konservativ, sjølv om han altså har vore næringsminister og har skrive masteroppgåve om liberalisten Friedrich Hayek.

Eit overordna prinsipp for konservatisme er at dette er ein teori som i motsetnad til sosialisme ikkje er laga frå ein (innbilt) allvitande posisjon, der ein i utgangspunktet kjenner til alle føresetnadene for samfunnet og difor kan rekna ut det ideelle, utopiske målet for det. Difor må den konservative vera pragmatisk og utprøvande. Han kan ikkje krevja å ha full oversikt.

Ifølgje Røe Isaksen handlar «konservatisme om å håndtere endringer (…) slik at man kan bevare ‘det permanente under alt som flyter’». Dette gjev slagordet «forandra for å bevara.» Meir spesifikt: Det ein skal ta vare på, er «familien, slekten, stedet vi kommer fra, vaner og tradisjoner.» Den konservative Churchill ville til dømes ta vare på klassesamfunnet og imperiet.

Som ein skjøner: Konservatisme finn ein i mange politiske parti. Kan henda aller mest i Sp, den kommande regjeringspartnaren til Ap Og SV. Som ikkje vil vera saman med Høgre av di dei har vorte for marknadsliberalistiske. Røe Isaksens eigen ståstad er det han vil kalla «hovedstrømningen i norsk, politisk konservatisme fra 1800-tallet til i dag: en moderat, reformerende konservatisme som har lagt særlig vekt på rettsstatsprinsipper, maktspredning, gradvise reformer og de lange historiske linjer». Men som var tilhengjar av embetsmannsstyre?

Denne noko keisame ideologien utdjupar så Røe Isaksen i dei påfølgjande kapitla. Der drøftar han kvifor konservative tykkjast kunna ta vare på motsette ting, berre for å ta vare på dei. I eit monarki monarkiet, i ein republikk republikken. Så kjem to kapittel der han vil visa at konservatisme, motsett liberalisme, vil at individuell fridom må baserast på ei indre danning og underordnast fellesskapets orden. Dinest eit par kapittel som viser korleis konservatisme kan manøvrera seg på ein gylden middelveg mellom farlege nærliggjande ideologiar som marknadsliberalisme, autoritær konservatisme og fascisme. Røe Isaksen har òg eit kapittel der han «skiller blant annet mellom en konservatisme som ser seg selv som en slags historisk sunn fornuft, og en konservatisme som mener det å bevare grunnleggende institusjoner i ytterste konsekvens handler om å speile en høyere, moralsk orden».

Bevara revolusjonen

Undervegs refererer Røe Isaksen til særleg to konservative filosofar, Edmund Burke (1730–97) og Michael Oakeshott (1901–90). Den første er særleg kjend for sin kritikk av den franske revolusjonen. Britane hadde sjølv hatt ein ærerik revolusjon (1688) som jaga, utan å halshogga, ein eineveldig konge, for så å innføra eit konstitusjonelt monarki med tilhøyrande ytrings- og religionsfridom. Burke illustrerer konservatisme ved å vilja bevara ein tidlegare revolusjon, men er mot alle nye. Jakobinarane i Paris var ekstreme rasjonalistar og innførte ein fornuftsreligion av same slag som marxistane seinare køyrde i grøfta. Eigentleg ingen stor prestasjon å kritisera dette?

Men samstundes innebar konservatismen til Burke vel mykje motstand mot opplysning. Han ville ta vare på religion som grunnlag for moral, i strid med ein annan konservativ tenkjar som Hume. Eller Kant. Ja, har konservative eigentlig akseptert opplysingstida? Heldigvis vil Røe Isaksen styra unna ein autoritær konservativ som den tvers igjennom reaksjonære Joseph deMaistre (1753–1821), som òg kritiserte den franske revolusjonen, men som ville «forandra for å venda attende» til det eineveldige monarkiet.

Jau, Røe Isaksen skriv forståeleg og utan abstraksjonar. Men vegen frå dette til Høgres sosialdemokratiske program er lang. Og kva for andre parti i Noreg er det som ikkje vil stø tesen om å forandra for å bevara? Heller ikkje raudt.

Arild Pedersen

Arild Pedersen er professor emeritus og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det overkommelege formatet gjer at boka er leseleg for travle Høgre-

kadrar og veljarar: ei slags Røe Isaksens «lille blå».

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis