JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Held seg på vegen

Hølleland har skrive ein spennande og uhyggeleg roman om korleis ein kan streve med å fote seg i livet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Halvard Hølleland debuterte som romanforfattar i 2020.

Foto: Julie Pike

3353
20220527
3353
20220527

Roman

Halvard Hølleland:

Veien videre

Gyldendal

I det siste har eg lese opp til fleire norske romanar der hovudpersonen sit på hytta og tenker på livet sitt inni byen. Dette går eg ut frå er ein veldig norsk posisjon. Det er sjølvsagt òg ein heldig litterær posisjon, då hovudpersonen kan sjå det daglege livet sitt i eit anna lys – med den nødvendige distansen – det opnar også for ei oversiktleg veksling mellom fortid og notid. Og der, på hytta, er det meininga at ein skal få auge på vegen vidare.

Psykologklisjear

Den siste romanen til Halvard Hølleland heiter til og med Veien videre. Her sit Thor på hytta ved Nevlunghavn og tenker på livet sitt. Han har med seg den sju månader gamle dottera Alma; etter at mora Jasmine døydde i ei trafikkulukke, er det berre dei to. Men der det kan verke som om Hølleland skriv seg inn i ein romanklisjé, skriv han seg like mykje ut av han.

Omgrepet «vegen vidare» er det parterapeuten Andrea som snakkar om når Thor og Jasmine oppsøker denne tenesta. Seansane med Andrea er skildra som ein einaste stor psykologklisjé. Utan at det følgjer med ironi eller sarkasme, det blir opp til lesaren å tolke inn ei mogleg vitsing med yrkesgruppa.

Thor og Jasmine får i oppgåve å teikne, eller ta bilde av, vegen deira vidare, etter ein mindre god periode. Dei leverer Andrea eit bilde av ein grusveg som går inn i ein skog, der Thor i etterkant har behandla bildet, gjort vegen lysare og trea mørkare. Andrea meiner – ikkje oppsiktsvekkande – at trea symboliserer mørket dei har vore gjennom. Det er særleg når ho held på metaforbruken, at i alle fall denne kyniske lesaren begynner å flire: «Er dere redde for at det skal skumre igjen, at et mørke vil legge seg over veien deres?»

Ikkje lett å vere nokon

Korleis hamnar paret i denne situasjonen, dei som er så privilegerte? Thor har diplomatforeldre i Addis Abeba, har sjølv studert i Brisbane i Australia, no jobbar han i Utanriksdepartementet. Jasmine har skrive bok om politiske tilhøve i Storbritannia og USA og vore ekspertkommentator i NRK. Dei bur fint på Sagene. Han fridde til henne i Nevlunghavn, dei heldt bryllaup på Ekebergrestauranten og drog til Seychellene på bryllaupsreise. Både i Noreg og ute i Europa er dei jamt ute og et, gjerne tagliatelle med and og trøflar, og ravioli med ricotta, med god drikke til.

Men også folk som har gifta seg på Ekebergrestauranten, kan ha det vanskeleg, både med seg sjølv og med partnaren. Litt etter litt kjem det fram kor store utfordringar paret har hatt, og kor langt ut på kanten av ulike stup utfordringane har sendt dei.

Solid arbeid

Sidan romanen er bygd opp rundt ein tråd som først blir vikla ut heilt til slutt, kan eg ikkje seie så mykje meir om handlinga. Men eg kan seie at Veien videre er ein nærstudie i korleis eitt einaste hovud kan verke i møte med omverda, i ein prekær situasjon. Og er det eitt, så er det gjerne fleire.

Det er elegant utført, med stor ransakingsvilje på vegner av Thor. Med ein framifrå penn og god sans for oppbygging av ei handling har Halvard Hølleland levert ein solid uro- og tankevekkande roman.

Ingvild Bræin

Ingvild Bræin er forfattar, nordist og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er elegant utført, med stor ransakingsvilje på vegner av Thor.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis