Bok

Håpefullt hatsk

Jenny Hval er språksterk og inkluderande i romanen Å hate Gud.

Jenny Hval skriv både kontrollert og anarkistisk, meiner meldaren.
Jenny Hval skriv både kontrollert og anarkistisk, meiner meldaren.
Publisert

Tilfella ville at eg skulle lese den siste boka til Jenny Hval på Sørlandet, og etter kvart begynte eg å skule på skjergardsidyllen med dei kvite trehusa, dei tøffande snekkene og milde konsonantane. For Sørlandet får gjennomgå av Hval, slik òg Gud og ein viss type kristendomsutøving får det, i romanen med tittelen Å hate Gud. Dei hatar for eksempel ikkje på Sørlandet, dei hadår. Og det er noko heilt anna, ifølgje Hval.

Ho tar lesaren gjennom ein sørlandsk oppvekst som ikkje er enkel om ein ikkje er like lysande kvit og from som klassekameratane og lærarane. Den kritkvite innstillinga til livet kan òg vere intolerant og fordømmande, viser Hval, og hovudpersonen kler seg i svart og lyttar til svartmetall som ein protest mot dette, noko som òg plasserer henne på utsida av fellesskapen.

Ny nærleik

Men det finst andre fellesskapar, og grunntonen i romanen talar nettopp om fellesskapar mellom menneske og korleis ein kan finne fram til dei. «Det er så mange prikker i verden, og så få av dem som får streker mellom seg, så få tegninger som får en form.» Ho vender seg med jamne mellomrom til eit du, ein lesar, noko som skapar nærleik.

Romanen har inga utprega realistisk form, snarare kan ein betrakte boka som eit musikkstykke, ein fuge, der fleire historier og tema flettar seg i kvarandre. Av og til ligg dei i lag på lag, andre gongar kjem eit tema tilbake og skapar gjenkjenning og dynamikk. Vi ser på internettbruk, undergrunnskultur, naturvitskap, bandfellesskap, på dei framandgjerande skuledagane, på fagtilbod som er like snevre og dogmatiske som sørlandskristendommen. Heile vegen blir handlingar og draumehandlingar skildra som i eit filmmanus. Somme stader kan dette «sjå for deg at»-språket bli monotont, men snart skiftar teksten tone, som om Hval har eit øyre for når det greier seg.

Bøllete forsking

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement